Seljord vann kampen om innbyggjarane
Seljord er den store vinnaren i kampen om folketalsauke i Vest-Telemark. I 2009 vart det 41 fleire seljordingar, og auken er i prosent den høgste i Telemark saman med Bø. Kviteseid, Tokke og Vinje har urovekkjande nedgang i innbyggjartalet. Totalt vart det 17 færre vesttelar i fjor.
Forskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking seier at innbyggjartala Statistisk Senteralbyrå (SSB) presenterte torsdag, samla sett er positive for Vest-Telemark-kommunane i høve til tidlegare år. I 2009 vart det totalt 17 færre personar i regionen. Det er langt lågare enn åra før.
Det er den kraftige folketalsveksten i Seljord som primært gjer utviklinga lysare. Tala fortel om eit tydeleg skilje i attraktivitet som bustadkommune. Nissedal fekk 11 fleire personar og kommunen har no over 1.400 innbyggjarar. Også i Fyresdal held folketalet seg oppe. I Vest-Telemark er det Kviteseid, Tokke og Vinje som slit med folketalsutviklinga, påpeiker Thorstensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når forskaren ser på dei ferske SSB-tala ser han konturar av at urbaniseringa er på frammarsj også i Vest-Telemark. Seljord er den mest sentralt plasserte kommunen i regionen. Her er ein stor detaljhandel med mange tilbod, og ikkje minst er kommunikasjonane gode. Avstandane er korte til Bø, Grenland og Oslo.
Regional tilflytting
Me har ikkje nok data for å seie at folk flyttar til Seljord frå andre kommunar i regionen. Frå Midt-Telemark veit me at personar både i Sauherad og Nome flyttar til Bø. Difor er det relativt truleg at ein del av den folketalsveksten Seljord opplever skuldast tilflytting frå andre kommunar i regionen, meiner Thorstensen.
Elles nemner han at Seljord har satsa på å skape eit fint sentrum.
Det er ikkje mykje som manglar av tilbod i Seljord. Staden utkrystalliserar som det reelle regionsenteret i Vest-Telemark. Trenden med omsyn til folketalsutviklinga har vore positiv i Seljord dei siste tri åra, og det er dei aleine om i regionen, seier Thorstensen.
At Nissedal auka folketalet i 2009 med 11 personar og kom over 1.400 innbyggjarar, kallar forskaren ein milepæl. I Fyresdal er det stabilt med ein auke på to personar i fjor. 1.381 personar budde i kommunen ved årsskiftet.
Tri kommunar slit
Kviteseid, Tokke og Vinje har ei så negativ folketalsutvikling at Thorstensen kallar ho urovekkjande. Dei tri kommunane mista høvesvis 24, 26 og 21 innbyggjarar i 2009.
Av landets 430 kommunar enda til dømes Tokke på 396. plass på folketalsstatistikken. Framgangen i Seljord gav kommunen ein 90. plass på oversikta over endringar i folketalet. Når ein går bakom tala og bryt dei ned på aldersgrupper, får ein fram eit godt bilete på at dei tri kommunane får stadig færre yngre og fleire eldre innbyggjarar. I løpet av fjoråret vart det i Vest-Telemark 61 færre personar i aldersgruppa 0 til 15 år. Det svarer til to skuleklassar, seier Audun Thorstensen.
Regionordførar Anne-Nora Oma Dahle er oppteken av at ein ikkje vert deprimert av folketalsstatistikken. Ho ser for seg ein snunad i Vest-Telemark dei næraste fem åra. Grunngjevinga er at både private verksemder og kommunane står framom eit generasjonsskifte, slik at dei vil tilsette mange nye personar om ikkje så altfor lenge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Som ordførar i Nissedal er eg glad for at pendelen har snudd ved at fleire personar har busett seg i kommunen. Når me no er over 1.400 nissedølar har me passert ei magisk grense, meiner Anne-Nora Oma Dahle.
Strålande nøgd
Seljordordførar Solveig S. Abrahamsen er strålande nøgd med auken i innbyggjartalet, og at alderssamansettinga i kommunen er sunn.
No må me som politikarar syte for ein god kommunal økonomi som gjev rom for vidare vekst og gode tilbod til seljordingane. I tillegg er det viktig å ha gode og attraktive bustadtomter til disposisjon, seier ho.
Kvifor syner Seljord seg å vere attraktiv?
Eit godt og variert næringsliv med variert tilbod, og at me ligg geografisk sentralt med eit godt kollektivtilbod, trur eg er viktige faktorar, svarar Solveig S. Abrahamsen.
I Telemark auka folketalet i fjor med totalt 683 personar. Det plasserer fylket på 17. plass av dei 19 fylka i landet. Det er fødselsunderskot i fylket og det er utanlands innvandring som hindrar at Telemark enda sist på lista over folketalsveksten.
I Noreg stod folketalsauken i Oslo-området, Stavanger-området og Bergens-området for over 60 prosent av den samla veksten på til saman 58.947 personar i 2009.