Den vidaregåande skulen i Seljord er på ny nedleggingstruga.
Den vidaregåande skulen i Seljord er på ny nedleggingstruga.

Seljord vgs er nedleggingstruga att

Fylkeskommunens arbeidsgruppe for framtidig vidaregåande opplæring i Telemark vil leggje ned den vidaregåande skulen i Seljord og Lunde, og flytte studietilboda til Bø og Søve.

Ei arbeidsgruppe frå Telemark fylkeskommune har vurdert skuletilbodet for vidaregåande opplæring fram mot 2020, og presenterte torsdag instillinga si, der dei ynskjer å leggje ned Bø vidaregåande skule si avdeling i Seljord.

I den tilrådde modellen frå arbeidsgruppa vil dei også leggje ned Lunde vidaregåande skule og Croftholmen vidaregåande skule. I Skien kan tre skular bli redusert til to.

Artikkelen held fram under annonsen.

I modellen skisserte fylkesopplæringssjef Bjørn Larsen å løyse ein eventuell nedlegging av Seljord-avdelinga mellom anna ved å flytte tilbodet om media og kommunikasjon til den vidaregåande skulen i Bø, og restaurant- og matfaget kan bli flytta til Søve vidaregåande skule.

– Dei økonomiske tala for modellen vår er grundig vurdert og analysert. Me må syte for ein levedyktig struktur som me kan ha i mange år framover, uttala Larsen.

Ut på høyring

Fylkestinget spurde i juni i fjor administrasjonen om å utgreie ein skuletilbodstruktur for vidaregåande opplæring i fylket på bakgrunn av synkande elevtall i Telemark fram mot 2020. Det blei vist til at det vil bli om lag 1100 færre elevar i fylket, ein nedgang på 16 prosent.

Færre elevar tyder reduserte økonomiske overføringar frå staten, og arbeidsgruppa har jobba fram fem ulike modellar for vidare skulestruktur. Desse blei lagt fram fredag saman med den modellen som gruppa meiner er best.

Arbeidsgruppas utgreiing blir nå lagt ut på offentleg høyring fram til 15. mars. Fylkesrådmann Evy Ann Evensen vil vurdere alle innspela som kjem inn når høyringsfristen er ute, og leggje fram si tilråding for politikarane. Saka skal opp politisk handsaming i mai, og fylkestinget vedtek skulestrukturen i midten av juni.

Rektor er ikkje overraska

Rektor ved Bø vidaregåande skule, Jon Helge Bergane, fortel at skulen nå går i gang med eit internt arbeid der han ynskjer ein brei prosess knytt til skulesaka.

– Me har akkurat fått ein rapport på 60 sider med ei rekkje vedlegg, der arbeidsgruppa tilrår ein modell for framtidig struktur for dei vidaregåande skulane i Telemark. Nå må me sjå nøye på rapporten og gå gjennom dette med alle våre tilsette. Me startar med informasjonsmøte for dei tilsette fyrstkomande måndag og tysdag, seier rektor Bergane.

– Korleis reagerte du då arbeidsgruppa la fram forslag om å leggje ned avdelinga i Seljord? Blei du overraska?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Direkte overraska blei eg ikkje sidan den vidaregåande skulen i Seljord har vore nedleggingstruga fleire gonger tidlegare. Men eg vil ikkje kommentere eller kome med direkte synspunkt på det arbeidsgruppa la fram i dag, seier rektoren.

Han peikar på at dette er arbeidsgruppas framlegg og at saka skal ut på høyring.

Då VTB kontakta den vidaregåande skulen i Seljord fredag ettermiddag for ein kommentar til saka, var svaret at alle spørsmål skulle rettast til rektor Jon Helge Bergane.

Relativt stabilt elevtal

I fylkeskommunens saksutgreeing i fjor haust kom det fram at Vest-Telemark har eit relativt stabilt elevgrunnlag dei komande åra. Seljord er mest stabil med ein vekst mot 2020, medan Nissedal og Vinje har størst nedgang. Elevane i regionen søkjer seg til ulike skular, og hovedtyngda av elevane til Vest-Telemark vidaregåande skule blir rekruttert frå Tokke, Vinje, Fyresdal og Kviteseid. I Nissedal og delar av Fyresdal gjev inntaksreglane også opning for å søkje skoletilbod utanfor fylket.

Kvitsund gymnas rekrutterer årleg om lag 30 elevar frå Telemark, av dette dei fleste frå Vest-Telemark.