Seljord vidaregåande som nytt rådhus
Ytring
Seljord vidaregåande som nytt rådhus og ny rådhusplass med tilhøyrande rådhuspark i Seljord. Dersom Fylkeskommunen legg ned hjørnesteinsverksemda Seljord vidaregåande, bør det kompenserast dugleg.
Seljord videregående kan bli det nye rådhuset i Seljord med rådhusplass, rådhustrapp, rådhuspark og eplehage. Eg klar over at Seljord vidaregåande er ein avdeling av Vest-Telemark vidaregåande, men i dette innlegget brukar eg Seljord vidaregåande om denne avdelinga. Telemark fylkeskommune bør selje eigendomen for gje bort pris og kompensere for arbeidsplassar fylkeskommunen tek frå bygda. Det er eit miljø på skulen og elles i Seljord som med dei rette insitamenta kan bli til nye arbeidsplassar. Dette bør også takast med i nedleggingssamtalar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg vonar verkeleg ikkje at Seljord vidaregåande blir lagt ned. Seljord vidaregåande er ei hjørnesteinsverksemd som har mykje å sei for Seljord. Elvane og dei tilsette på skulen tilfører Seljord mange verdiar. Skulen blir også drive godt og plasseringa i Seljord er med på gje verdiar tilbake til elevane. Lista for ikkje å legge ned skulen er lang. Er har vore på fylkestinget i 16 år frå 1999, arbeid for og gjeve argument for at Seljord vidaregåande er ein viktig institusjon for Telemark. I alle desse åra har det kome forslag frå administrasjonen om «innspa «innsparingar». Nokre gonger er forslaga stoppa på eit tidleg administrativt nivå. Andre gonger har det vore budsjetthandsaminga som har ført til gode løysingar. Institusjonen, «Husmorskulen», var før fylkeskommunen vart etablera på 1970-talet. Samfunnet gav institusjonen til fylkeskommunen for at dei skulle utvikle den. Nå ser det ut til at det politiske fleirtalet i fylkeskommunen nytter høvet til å leggje ned hjørnesteinsverksemda i bygda. Måtte det ikkje skje!
Men om så gale skull skje, er det særs viktig at vi allereie nå kan tenkje alternativ bruk av området. Det er viktig at slike initiativ kjem tidleg inn i samtalar med fylkeskommunen slik at både partar er konstruktive i opplegg og løysingar. Ved nedlegging av hjørnesteinsverksemder meiner eg det er mest konstruktiv med dialog. Ei konfrontasjonslinje er som regel ikkje tenleg. Den som legg ned ei hjørnesteinsverksemd, har visse forpliktingar både formelle, politiske og samfunnsbyggjande. Dette bør det appellerast til og særleg overfor fylkeskommunen som har samfunnsbyggjande og regionalpolitisk ansvar.
Eg meiner eit nytt rådhus for Seljord med tilhøyrande plassutvikling med rådhusplass, vil på lang sikt vere det mest samfunnsbyggjande bruken av noverande Seljord vidaregåande. I valkampen til kommunestyret dette året var mange av mine innspel identitet og tettstadsutvikling. På lenger sikt er det svært viktig for Seljord med ein god tettstadutvikling. Kjære seljordingar, neste gong du går eller kjører forbi Seljord vidaregåande, stans naudsynt tid. Sjå for deg plassen som det nye rådhuset. Sjå for deg ein rådhusplass med rådhustrapp og tilhøyrande rådhuspark. Førestill deg 17. mai, folketoget, starta ved Seljord kyrkje, stoppar med folkesamling på rådhusplassen framfor rådhustrappa. Sjå for deg ein estetisk plass som blir eit bilete og uttrykk for Seljord. Brøløsvegen som hovudgate som har eit estetisk rådhusområde i den eine enden og har ei eit kyrkjeområde i den andre enden. Sjå for deg eit område i nærleiken med forsamlingshus, kunstlove, skuleplass og kulturhus. Seljord er heva over mange kommunar som har slikt eit utganspunkt for å lage ein identitet og uttrykksområde. Vi er heldige seljordingar! Dette er eit høve som vi bør nytte saman med fylkeskommunen dersom dei skulle finne på å ta bort hjørnesteinsverksemda.
Ein kommune eller tettstad at blir vurdera ut frå to bygg, kyrkja og rådhuset. Nå har Seljord høve til å lage ein rådhusplass, rådhustrapp og rådhuspark i nærleiken av ei hovudgata.
Spannande framtid, kva vil skje med Seljord vidaregåande.