Då kommunestyret skulle røyste vart rådmannens eine del av framlegget, med alternativet nytt felles kontor i Midt-Telemark, sett opp mot det nye framlegget frå seks av kommunestyrets sju parti. Sistnemnte fekk 19 av røystene mot Mogens Iversen (Frp) si eine røyst.
Då kommunestyret skulle røyste vart rådmannens eine del av framlegget, med alternativet nytt felles kontor i Midt-Telemark, sett opp mot det nye framlegget frå seks av kommunestyrets sju parti. Sistnemnte fekk 19 av røystene mot Mogens Iversen (Frp) si eine røyst.

Seljord ynskjer felles Nav-kontor i Vest-Telemark

Med 19 mot 1 stemme vedtok kommunestyret i Seljord torsdag at dei vil vere med i eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark.

– For meg personleg er det det same kvar kontoret hamnar, men styret til Seljord Frp har vedteke at eit nytt felleskontor for Nav i Midt-Telemark vil vere det beste for innbyggjarane i Seljord. Det er mellom anna betre kollektivtilbod til Bø, lettare å ta bussen dit enn til Dalen. Eg er sjølvsagt oppteken at me skal samarbeide godt i Vest-Telemark, men i denne saka meiner eg Bø er det beste alternativet, uttala Mogens Iversen (Frp) då han som den einaste i kommunestyret røysta mot eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark.

Meir region enn sak

– Det høyrest ut som om at denne saka handlar meir om kva region Seljord høyrer til. For meg handlar det om kva tenester innbyggjarane våre skal ha. Det er ikkje lett å kome til Dalen med buss. Våre innbyggjarar ville fått eit betre tilbod om me gjekk for Bø, men då kjem spørsmålet om me vil setje Vest-Telemark-samarbeidet på prøve. Men eg stemmer for Vest-Telemark, i politikken er det mange omsyn å ta, uttala Jon Svartdal (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Handlar om identitet

– For meg handlar denne saka om identitet. Seljord ligg i Vest-Telemark og det er naturleg å styrke det samarbeidet me alt har. Og, i kveld ser det jammen ut til at bygde-Høgre eksisterer likevel, og me kan samla gå for Vest-Telemark, uttala Marianne Vadder (Sp).

– Eg har tru på eit framtidig Nav i Vest-Telemark – og døra på Nav-kontoret i Seljord kan bli raskare stengt dersom me går til Bø, meinte Trond Johnsen (Ap).

Større bilde

– Bø vil få eit større kontor, og det er lettare å kome dit for brukarane våre. Skulle denne saka blitt behandla utan andre omsyn er det store sjansar for at me hadde hamna i Bø, det har me vel fått inntrykk av at dei Nav-tilsette i Seljord også ynskjer. Men bildet er større enn det. Det nye Nav skal meir ut til brukarar og verksemder, og det gjer meg usikker på om det er så viktig kvar kontoret blir plassert. Me i Høgre, Ap og KrF kjem med framlegg om at Seljord knyt seg til eit felles kontor i Vest-Telemark, sa Edvard Mæland (H).

illustrasjons
illustrasjons

– Saka har ikkje vore så vanskeleg, og me hadde fått gode Nav-tenester med begge alternativa. Nav har varsla nye måtar å arbeide på, meir lokalt og digitalt, då vil ikkje avstandar bety så mykje. Det er viktig at me ikkje bryt samarbeidet me har i Vest-Telemark, me har mange samarbeid som har fungert godt i mange år, sa Henry Mæland (Sp) som var glad for posisjonens konklusjon om å gå for Vest-Telemark.

– Dette er ei sak der eg har vore i tvil. Men det rette er å gå for eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark plassert i Tokke, sa Svein Forberg Liane (V).

– Eg er einig i at dette ikkje berre handlar om Nav – men eit regionssamarbeid. Det hadde kanskje vore lettare for innbyggjarane våre å reise til Bø, sa Gunnar Eilefstjønn (H).

– Eg er nøgd med resultatet i denne saka, og at me landa ho med å vere så einige om Vest-Telemark, avslutta ordførar Halfdan Haugan (Ap).