Her konkurrerer Julie Noraberg Nilsen under ungdomsmeisterskapet i Sandnes i fjor.
Her konkurrerer Julie Noraberg Nilsen under ungdomsmeisterskapet i Sandnes i fjor.

Seljording til junior-NM

Julie Noraberg Nilsen ser fram til å kaste kule og diskos mot dei beste i landet mellom 15-19 år.

Den 17 år gamle jenta frå Seljord har teke jamne steg med både kule og diskos. Ho skal nytte meisterskapet til å samle erfaring, og har ikkje sett seg noko mål om plasseringar. Lengder har ho derimot ambisjonar om å forbetre, og hennar personlege rekord er på 10,67 meter i kulestøyt. Her har ho eit håp om å støyte over elleve meter i noregsmeisterskapet for junior i friidrett, som vert arrangert i Harstad fyrstkomande helg.

–Eg har kasta over elleve meter på trening, så om alt slår til kan eg kanskje nå elleve og ein halv meter i NM. Men då må absolutt alt klaffe, seier Nilsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har hatt mest framgang med diskosen i det siste, med pers på 33,75 meter på eit stevne i Porsgrunn i juli. I NM har ho set seg mål om å komme over 35 meter.

Amerikansk førebilete

Når det er friidretts-VM på fjernsynet er det lett å la seg inspirere av utøvarar som konkurrerer i dei same greinene som ein sjølv. I kulestøyt har ho den regjerande olympiske meistaren, Michelle Carter som førebilete.

–Eg har prøvd å etterlikne henne, og det har hjelpt meg masse i å forbetre teknikken, seier Nilsen

Den unge seljordingen har også gode resultat i sleggekast, men prioriterte ikkje å delta i denne greina under junior-NM.