Ingerid Vadder noterte seg for heile tre mål i Kviteseid J16s 6-1-siger mot Vanylvskameratane i opningskampen på Norway Cup.
Ingerid Vadder noterte seg for heile tre mål i Kviteseid J16s 6-1-siger mot Vanylvskameratane i opningskampen på Norway Cup.

Sentral i storsiger

Ingerid Vadder (14) var i storslag då J16-laget til Kviteseid starta Norway Cup på best tenkeleg måte – med tre mål var ho sterkt delaktig i 6-1-sigeren mot Vanylvskameratane.

Kviteseids jenter-16 lag opna Norway Cup sterkt, då dei slo Vanylvskameratane i sin første kamp i turneringa.

Kampen starta på best mogleg vis for vesttelane, då Ingerid Vadder skåra 1-0 målet og Inger Holm dobla leiinga innan to minuttar hadde gått. Kviteseid hadde kontroll på sunnmøringane, og hadde sjansen til å skåre både tre og fire mål til. Det var likevel Vanylven som fekk nettsus, då dei reduserte til 1-2, midtvegs ut i første omgang. Men før dommaren bles til pause, roa Ingerid Vadder, som hadde skapt store problem for motstandarforsvaret gjennom heile omgangen, nervane til vesttelane, då ho med sitt andre mål for dagen la på til 3-1.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre omgangen heldt fram i same sporet som den første, med Kviteseid som førande lag. Først var Inger Holm iskald aleine med keeper då ho sette inn 4-1, før ho og Vadder hadde ein dobbeltsjanse som til slutt blei klarert over midtstreken. Der venta Gunhild Kvålseth, som bestemte seg for å bli med på målfesten – frå eigen banehalvdel sendte ho ballen i ein boge over ein sjanselaus målvakt og i mål. Like etter fullførte Vadder hat-tricket sitt, og fastsette sluttresultatet til 6-1 i favør Kviteseid.

Etter kampen var det naturleg nok ein fornøgd tremålsskårar som snakka med VTB.

– Det var veldig morosamt å vinne, eg synest me spela veldig godt saman, og avslutningane satt, seier spissen.

Ingerid Vadder, Ida Stigen, Inger Holm, Kristine Lønning Solvang, Thea Cecilie Neverdalen. Bak frå venstre: Åshild Tveiten, Anja Due, Gunhild Kvålseth, Karianne Midtsund Stykket og Silje Stykket.
Ingerid Vadder, Ida Stigen, Inger Holm, Kristine Lønning Solvang, Thea Cecilie Neverdalen. Bak frå venstre: Åshild Tveiten, Anja Due, Gunhild Kvålseth, Karianne Midtsund Stykket og Silje Stykket.
Knut Flom Eriksen og resten av G14-laget til Åmdal-Tokke fekk ein tøff opning på Norway Cup, Ranheim 2 vann 6-1 i oppgjeret.
Knut Flom Eriksen og resten av G14-laget til Åmdal-Tokke fekk ein tøff opning på Norway Cup, Ranheim 2 vann 6-1 i oppgjeret.
Ånund Nordstoga Torgersen gler seg aller mest til han og resten av høysekkane skal i Rush trampolinepark onsdag.
Ånund Nordstoga Torgersen gler seg aller mest til han og resten av høysekkane skal i Rush trampolinepark onsdag.
Mari Årlid, Katrine Ålanslid og Tuva Lothe Berge. Bak frå venstre: Ingrid Stigen Byggland, Hanne Kaldråstøyl, Åsne Grøstad, Ingvild Mandt og Victoria Berg.
Mari Årlid, Katrine Ålanslid og Tuva Lothe Berge. Bak frå venstre: Ingrid Stigen Byggland, Hanne Kaldråstøyl, Åsne Grøstad, Ingvild Mandt og Victoria Berg.
Ingrid Kristensen Strånd, Gunhild Moen Lofthus og Ina Støyle Rasmussen. Bak frå venstre: Eline Omland Sending, Jorunn Helene Kovajord Djuvet, Andrea Gulset og Tuva Lothe Berge.
Ingrid Kristensen Strånd, Gunhild Moen Lofthus og Ina Støyle Rasmussen. Bak frå venstre: Eline Omland Sending, Jorunn Helene Kovajord Djuvet, Andrea Gulset og Tuva Lothe Berge.
Olav Kvasjord og resten av G14-laget til Fyresdal fekk det tøft då dei møtte det sterke laget Bogenhausen SC/Zamdorf frå Tyskland. Trenar Tarjei Bondal med ryggen til.
Olav Kvasjord og resten av G14-laget til Fyresdal fekk det tøft då dei møtte det sterke laget Bogenhausen SC/Zamdorf frå Tyskland. Trenar Tarjei Bondal med ryggen til.
Midtstoppar Odin Kåsa Dehli trur god moral blir nykkelen for å hevde seg i dei neste kampane for Seljord G14 11er. Her er han i duell med ein motstandar frå Valder IL.
Midtstoppar Odin Kåsa Dehli trur god moral blir nykkelen for å hevde seg i dei neste kampane for Seljord G14 11er. Her er han i duell med ein motstandar frå Valder IL.

Kviteseid har eit ungt lag i 16-årsklassa. Vadder er ein av tre 14-åringar på laget. 

– Me har berre med ein 16-åring, så me forventa eigentleg å få det tøft i klassa, men jentene gjorde det kjempebra, og overbeviste verkeleg, kyter lagleiar Sigrun Lønning Solvang.

Tøff start for Åmdal-Tokke

– Eg håpar me kan spele oss inn att, me har gitt bort to mål, seier Tor Helge Midtbø.

Slik lyder oppsummeringa til den eine av Åmdal-Tokke G14s to trenarar då VTB kjem til opningskampen deira mot Ranheim 2 midt i fyrste omgangen, på stillinga 2-0 til trøndarane. Diverre for vesttelane, går det ikkje slik Midtbø håpa, Ranheim la på til 3-0 rett før kvilen.

Like etter pause er tilskodarane vitne til nokre målrike minuttar. Først skårar Ranheim, deretter reduserer Åmdal-Tokke ved Emil Solli, før Ranheim legg på til 5-1. Det blir også sluttresultatet, tokkebuarane har fleire gode moglegheiter, men dei klarar ikkje konvertere dei til skåring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var ikkje vakne i det heile tatt, første ti minuttane var me for slappe. Etter kvart jamna det seg ut, og me hadde fleire gode sjansar. I morgon kjem me sterkare tilbake, då skal me heldigvis spele litt seinare på dagen, seier trenar Lars Inge Sollie.

– Då må me vere med frå avspark, supplerer Midtbø.

Høysekkar skal hoppe høgt

Høydalsmo har med seg tre lag i tolvårsklassa til turneringa, eitt gute- og to jentelag. Opp til og med tolv år er det ingen utslagsrundar, og laga skal spele seks kampar utover veka, uavhengig av resultat. Begge jentelaga noterte seg for ein siger kvar i løpet av opningsdagen. Høydalsmo 1 slo Elnesvågen og Omegn 2 2-0, etter skåringar av Tuva Lothe Berge og Andrea Gulset. Høydalsmo 2 møtte liknande motstand, då dei slo Elnesvågen og Omegn 1 4-2, etter hat-trick av Hanne Kaldråstøyl og ei skåring av Katrine Ålanslid.

– Eg vil skåre fleire mål, og vinne meir, seier målskårar for Høydalsmo 1, Tuva Lothe Berge

Gutelaget fekk reint fotballmessig ein tøff opning med 0-11-tap for Ivrig. Men spelarane har ingen grunn til å hengje med hovudet av den grunn.

– Me skal på trampolinepark å hoppe, ete pizza og på kino. Det blir moro, seier 10-åringen Ånund Nordstoga Torgersen.

Gode tyskarar

Fyresdal G14 møtte det Bogenhausen SC/Zamdorf i sin første kamp. Med ein drivande god kaptein i spissen, gjorde tyskarane det vanskeleg for fyresdølane, og resultatet blei til slutt 0-10-tap for vesttelane.

– Me møtte eit veldig godt lag, konstaterer trettenåringen Knut Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Får eg lov til å banne? lurar Olav Kvasjord då han blir beden om å oppsummere kampen.

Han er lite fornøgd med starten på turneringa sportsleg sett, men heldigvis har fyresdølane andre ting å sjå fram til under opphaldet i hovudstaden.

– Me skal på Megazone og spele laser-tag, det blir moro, seier Kvasjord.

– Og så gler me oss til å reise på McDonalds og Peppes Pizza. I tillegg til kampane då, supplerer Tobias Skræi.

Fyresdalsgutane spela endå ein kamp sundag, der det blei eitt 0-7 tap mot Blindheim IL.

– Me må halde moralen oppe

Seljord G14 sitt 11ar-lag var i aksjon mot Valder IL sundag ettermiddag. Mot sundmøringane hang Seljord lenge med spelemessig – til pause hadde Valder ei knipen 1-0-leiing. I andre omgang blei det tøffare for raudtrøyene, og sluttresultatet blei til slutt 3-0.

Trenar Øyvind Oland trur dei no er ferdig med den tøffaste motstanden.

– Valder er eit sterkt lag, og dette var nok den tøffaste kampen, seier han til laget etter opningskampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Odin Kåsa Dehli synest laget gjorde ein god kamp, i alle fall ei god stund.

– Me raknar litt på slutten. I dei neste kampane må me spele meir saman, og halde moralen oppe heile vegen, seier midtstopparen.

Forutan fotballen er det spesielt ein ting til han gler seg til medan han er på sletta.

– Sjå på jenter, smiler Dehli.