Ynskje om ei nytt og tryggare sentrum har vore ytra i lange tider. Nå er snart pakkbua og den gamle sentrumsgata historie og miljøgata blir etablert.
Ynskje om ei nytt og tryggare sentrum har vore ytra i lange tider. Nå er snart pakkbua og den gamle sentrumsgata historie og miljøgata blir etablert.

Sentrum får nytt andlet

Eit lyft av Vrådal sentrum har vore eit sterkt ynskje i mange år. Nå startar arbeidet med den nye miljøgata.

3. mai startar arbeidet med å ruste opp Vrådal sentrum til ei ny og flott miljøgate.

– Byggestart er sett til veke 18, og prosjektet som har ei kostnadsramme på ni millionar kroner skal vere ferdig i veke 42, fortel byggjeleiar i Kviteseid kommune, Torbjørn Kaasa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har stor tru på at kommunen skal klare å gjennomføre prosjektet innanfor den økonomiske ramma som er sett.

– Det er til nå bruka 500.000 kroner av midlane til kjøp av eigedomen der det i dag står ei pakkbu, seier Kaasa.

Halve gata

Når prosjektet tar til vil gjennomgangstrafikken gå på halve gata av gongen, og det faste dekket blir fjerna for å starte opparbeidinga på ei side.

– Me vil oppmode entreprenøren om å starte med nedsida fyrst, for å skåne mest mogleg for butikkane som ligg tett inntil gata, og for å gjere tilkomsten for mjuke trafikkantar betre til dømes i fellesferien, seier Kaasa.

Han fortel at den delen av gata som blir trafikkert i anleggstida blir lysregulert døgnet rundt.

Kommunen pålegg også grunneigarane i sentrum å nytte entreprenøren som har oppdraget om dei skal gjere arbeid som ikkje er fastsett i prosjektet.

– Det er håplaust å ha graving og roting av andre maskiner enn entreprenøren sine når dei opnar gata, seier Kaasa.

Miljøgate

Den nye gata i Vrådal sentrum vil bli seinka litt og flytta litt lenger «inn» i sentrum. Området utanfor bank-bygget blir litt smalare, medan fortauet utanfor butikkane på vass-sida blir litt breiare enn dei er i dag. Belysning av gata vil kun kome på den eine sida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Miljøgata får ei fartsgrense på 40 kilometer, og det vil bli etablert moderate fartsdumpar i kvar ende av sentrum, seier Edvard Straumsnes frå Statens Vegvesen.

Straumsnes sit også i byggjeutvalet saman med Torbjørn Kaasa.

– Miljøgata vil få meir rom for mjuke trafikkantar, ho vil ikkje bare bli fin, men også mykje tryggare enn i dag, seier Kaasa.

Han fortel at lys granittstein vil prege området der det i dag står ei pakkbu.

– Her er det planar om å byggje opp eit amfi av natursteinsblokker som bakgrunn til eit torv, seier Kaasa.

Han vonar at dette skal bli ein flott samlingsplass i sentrum for alle aldrar, men også ein plass som kan nyttast til arrangement og som salsstad for til dømes fiskebilen.

Fyller ut

Massen som blir tatt ut frå gata blir fylt ut nedanfor reinseanlegget i utkanten av sentrum. Her håpar byggjeleiaren at det blir mogleg å etablere ein parkeringsplass.

– Eg håpar me får til å planere dette området skikkeleg slik at det kan fungere som ein grusdekt parkeringsplass. Dette er også noko dei treng og eg håpar og trur me skal få det til sjølv om det ligg utanfor prosjektet, seier Kaasa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kaasa har også signalisert ynskje om at Vegvesenet burde oppgradere vegstrekket frå sentrum og bort til støtta.

Meir struktur

Fleire næringsdrivande i Vrådal sentrum har vore engstelege for at det blir færre parkeringsplassar i den nye miljøgata.

– Det vil bli meir struktur på parkeringa, og det vil bare bli langsgåande parkeringsplassar. Det er ikkje lov til å ha ut-inn parkeringar i slike gater, men samla sett vil det bli fleire plassar enn det er i dag, seier Kaasa.

– Desidert best pris

Fem entreprenørar viste interesse for anleggsarbeidet i Vrådal sentrum.

– Det var ein skilnad på 1,5 millionar kroner frå det billigaste til det dyraste. Haugo og Draugedalen maskin as, som fekk oppdraget, hadde eit opphavleg tilbod på 6,5 millionar kroner og var desidert det billigaste, seier byggjeleiar Torbjørn Kaasa.

– Trong tid

Planar om å ruste opp Vrådal sentrum har vore ynskjeleg lenge, mykje på grunn av den trafikale situasjonen i sentrumsgata.

– Me vart engasjert av vrådølane til å jobbe med ei ny løysing for sentrum fyrste gong på slutten av 90-talet. Men det har vore viktig å nytte denne tida slik at alle har fått vere med i utviklinga, seier Trond Endresen frå Feste Grenland as som har teikna miljøgata i Vrådal.

I 2007 vart reguleringsplanen for Vrådal sentrum, Eidsto, lagt ut for offentleg ettersyn fyrste gong og i 2009 vart reguleringsplanen tatt opp på ny.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sentrumsopprustinga i Vrådal har i tidlegare budsjett blitt justert i høve til den opphavlege planen fleire gonger. Hovuddelen av prosjektet, opprustinga av sjølve sentrumsgata, vart i fjor haust med i budsjettet med ei kostnadsramme på ni millionar kroner. Oppgradering av vassfronten vart då teke ut av budsjettet.

– Det vil bli mykje aktivitet i Vrådal sentrum i tida som kjem, og det vil ha sine ulemper. Me må hugse at dette blir bra for Vrådal på sikt, seier rådmann i Kviteseid Hans Bakke.