– Når Posten lagar seg slik han gjer, er me nøydde til å sjå på andre moglegheiter for å få avisa ut til abonnentane, uttaler Knut Espelid, redaktør i Vest-Telemark Blad.
– Når Posten lagar seg slik han gjer, er me nøydde til å sjå på andre moglegheiter for å få avisa ut til abonnentane, uttaler Knut Espelid, redaktør i Vest-Telemark Blad.

Ser etter anna distribusjonsnett

I dag er Vest-Telemark Blad 30 år. «Jubileumsgåva» frå Posten er 75 prosent auke i avisportoen i løpet av tri år. Den kolossale prisstigninga gjer at VTB kan kome til å kutte ut Posten og heller lage eit eige distribusjonsselskap. – Portoauken er heilt borti veggane. Ser me tri år fram i tid har eg lita tru på at det er Posten som fraktar VTB rundt i Vest-Telemark, seier bladstyrar Knut Espelid.

I dag er Vest-Telemark Blad 30 år. Opp gjennom åra har det vore mykje godt samarbeid med Posten. Men i haust har samarbeidsklimaet mellom Posten og landets aviser blitt sett på ei knallhard prøve. Posten kjem til å auke portoen på aviser med opp til 25 prosent neste år. Også i 2005 og 2006 er det varsla ei tilsvarande prisstigning. Det tyder at VTB, som nå betaler 1,2 millionar kroner i avisporto årleg, om tri år må ut med rundt to millionar kroner. Ein auke på 75 prosent.

– Auken er heilt borti veggane. Det er vanleg å leggje på konsumprisindeksen, men her har Posten i tillegg bruka fleire gaflar å skrive med når dei har kome fram til ein sum. Me får ingenting ekstra for så mykje meirutgifter. Dessutan får ein del abonnentar nå avisa seinare enn før, seier Knut Espelid, redaktør i Vest-Telemark Blad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eige selskap

Han vedkjenner at VTB ikkje er i stand til å klare den kraftige auken over tri år. Men eit vedtak om å auke prisen på abonnement neste år, vil ordne opp i mykje av portoauken i 2004.

– Det er innlysande at mange lokalaviser vil få problem med å klare den store kostnadsauken. Mange lokalaviser har aldri vore nokon gullgruve, og vil aldri bli det heller, seier Espelid.

Den kraftige prisstigninga til Posten gjer at VTB nå ser seg om etter andre måtar å få ut avisa på. Ei løysing kan bli å la Telemark Distribusjon levere lokalavisa der dei køyrer ruter. VTB har byrja å kartleggje kor mange abonnentar som ikkje blir nådd ved dette alternativet. Desse abonnentane kan framleis kome til å få avisa ved hjelp av Posten, eller det kan kome på tale å etablere eit eige distribusjonsselskap.

Lite truleg

– Når Posten lagar seg slik han gjer, er me nøydde til å sjå på andre moglegheiter til å få ut avisa til abonnentane. Ser me tri år fram i tid har eg lita tru på at det er Posten som fraktar VTB rundt i Vest-Telemark, seier Espelid.

Posten påstår å ha fått eit auka underskot frå 30 millionar kroner til 300 millionar kroner dei siste fire åra på distribusjon av aviser.

– Dei tala er ikkje truverdige i det heile, seier Espelid.

Han meiner den store portoauken er det som er mest skremmande for 30-års jubilanten VTB dei neste åra.

Politikarane får saka

Landslaget for Lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) nådde ikkje fram i forhandlingane med Posten. Nå meiner dei den store portoauken vil føre mange aviser i fare framover. LLA og MBL sender derfor saka over til dei politiske styresmaktene som har ansvar for presse- og samferdselspolitikken.