Serverte yrkessmakebitar
Yrkesmessa på Dalen samla ungdom frå heile Vest-Telemark, og den 24. messa hadde fleire utstillarar enn tidlegare. Sjølv om mangfaldet av yrkesval er rikt, gjer det ikkje jobben lettare å velje kva veg ein skal gå, kunne dei unge melde.
Ungdom frå heile regionen var samla innanfor veggane på Dalen vidaregåande skule torsdag då den årlege yrkesmessa vart halden.
Ein glad rektor ved skulen, Torgrim Otterholt, kunne stolt melde at 73 utstillarar frå lokalt næringsliv, institusjonar og opplæringskanalar, var komne til Dalen for å informere den yngre garde. Nokon informantar er nye, medan dei fleste har vore trufaste gjester i ei årrekkje
Artikkelen held fram under annonsen.
Me har ikkje hatt så mange informantar på noko messe tidlegare. Det er fleire som har gått saman på fellesstand i år også, uttala rektoren då han var ute på ein runde på skulen for å sjå til at alt var som det skulle.
Vanskeleg
Ei ny reform er på trappene neste haust, og har kanskje forvirra dei unge litt ekstra nå som søknadsfristen til dei vidaregåande skulane nærmar seg. Fleire ungdomar me snakka med var slett ikkje sikre på kva retning dei skulle velje, men allmennfagleg vidaregåande kunne vere eit alternativ som kanskje kunne skuve avgjerda endå nokre år fram i tid.
Dei unge fekk informasjon om alt frå utdanning til å bli tannlege og apotekar til skogmaskinførar og ingeniør. Mange unge var også svært nyfikne på kva som skulle til for å få seg jobb innan politiet.
Treng unge i lære
Det var konserndirektør i Statkraft, Jørgen Kildahl, som opna yrkesmessa i år saman med musikalsk innslag frå gruppa Trispann, med Aasmund Nordstoga i spissen.
Kildahl var oppteken av at ungdomen i dag er priveligert som får yrkesretta informasjon og sjansen til å velje kva veg dei vil innanfor arbeidslivet.
I Statkraft har me i dag 23 lærlingar, og me vil halde fram med å gje unge arbeid i framtida. Frå 2007 vil me trenge om lag 50 nye personar i arbeid årleg, då treng me nettopp dykk, inviterte konserndirektøren.
Eiga verksemd
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå dei vidaregåande skulane og Seljord folkehøgskule var det elevane sjølve som fortalde om kva linjetilboda omfatta.
Tri jenter frå 2a ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen hadde fyrste utsalsdag på elevbedrifta Pizza Bui. Verksemda vart starta i haust då Helena Raley frå Rauland, Linn Marit Karlsen frå Rauland og Arnhild Romtveit frå Edland fekk ideen om pizza-sal.
Det er gjennom etableringsfaget som står på timeplanen at alle elevane skal starte ei eiga verksemd. Me rekna med at sal av pizza var populært, og me har hatt ein god start i dag. Me har selt 13 pizzaer, smiler dei tri jentene.
Annankvar fredag ynskjer dei å selje pizza på skulen og til andre som kan vere interessert.
Generalen trekkjer seg
Rådgjevar på skulen, Hans Lunde, har prøva å sleppe andre til i jobben med å arrangere yrkesmessa, men han er og blir generalen her. Han er ein blid og triveleg kar, pliktoppfyllande, ansvarleg og lojal. Difor vil eg gje han ei gåve for å markere at me set stor pris på alt arbeidet han gjer, rosa rektor Otterholt.
Rådgjevaren takka for det gode samarbeidet og avslørte at han hadde planar om å trekkje seg til sommaren.
Då vil eg prioritere fritidsinteressene mine, smilte Lunde.