Sesongbeste i junior-NM
Steinkjer: Bendik Aketun leverte sesongbeste då han gjekk inn til 13. plass i fellesstarten under fyrste del av junior-NM i skiskyting.
Det var fem eller seks av dei som er like gamle som meg som var betre i dag. Resten er eitt år eldre og sisteårsjuniorarar, seier Aketun etter å ha kjempa om topp ti-plassering.
19-åringen bruka fellesstarten til å bevise at han er ein eminent skyttar. Det var verdscupnivå på det Aketun viste på standplass. 19 av dei 20 skota sat der dei skulle. Han irriterte seg litt over at skot nummer 20 hamna utanfor blinken, og skulle gjerne unngått den strafferunden. Då hadde det truleg blitt 11. plass.
Artikkelen held fram under annonsen.
Aketun som er med i Sirdal ski, føler han har prestert jamnare denne sesongen enn sist vinter, men han var i betre form i starten av fjorårssesongen. For godt og vel eitt år sidan vann han noregscuprennet på Simostranda. Denne vinteren brukar han til å leggje eit best mogleg grunnlag for den siste sesongen som junior. 1993-modellen er heime i Fyresdal i vinter og han er veldig motivert for vidare satsing. Alt no har han retta blikket mot neste sesong.
Flyttar til Lillehammer
Eg trivst veldig bra i Fyresdal sjølv om det ikkje er nokre jamaldringar å bryne seg på under treningsøktene. Eg har mykje å hente på det fysiske samanlikna med konkurrentane. Det er nødvendig å flytte for å ta nye steg. Til hausten ligg det an til at eg flyttar til Lillehammer. I så fall vil eg kunne trene saman med mange gode skiskyttarar, seier Aketun til VTB.
Han var åleine om å forsvare Fyresdal skiskyttarlag i Steinkjer. Even Nordbø som var eit av dei største telemarkshåpa, måtte kaste inn handkledet på grunn av sjukdom. Både Even og dei andre telemarkingane har mykje å lære av Aketun på standplass. 90 prosent utteljing er det dårlegaste han har i rennsamanheng i vinter. Det er svært få skiskyttarar som kan vise til liknande tal. Dei fleste som kjempar om VM-medaljar slit med å klare same treffprosent som Aketun. Med større fart i sporet kan det bli vanskeleg å hamle opp med den reflekterte tenåringen frå Fyresdal.
I rute til junior-NM
Eivind Romberg Kvaale viste at forma er god ei veke før junior-NM. 18-åringen frå Høydalsmo kjempa i toppen i noregscuprenna både laurdag og sundag. På 15 kilometer i fristil gjekk Romberg Kvaale inn til ein sterk 6. plass i M19/20-klassa med meir enn 100 deltakarar. Han var 54 sekundar bak Vebjørn Turtveit frå Voss som vann rennet i Alta.
Sundag viste Romberg Kvaale igjen at han er i rute til helgas junior-NM på Lillehammer. Han blei nummer 15, halvtanna minutt bak vinnaren Johan Hoel frå Åsen IL.
Også Runar Skaug Mathisen frå Vinje IL imponerte i noregscuprenna i Alta med 19. og 29. plass i same klasse som Romberg Kvaale.
Mange i junior-NM
I fjor blei det to 8. plassar i junior-NM for Romberg Kvaale. Året før tok han sylv i same meisterskap. På Lillehammer går Romberg Kvaale 20 kilometer friteknikk fredag og 10 kilometer klassisk laurdag. Det er fleire vesttelar med i junior-NM, og Høydalsmo IL har seks deltakarar til start. I tillegg til Romberg Kvaale, deltek Sigrid Lid Byggland (K19/20), Arne Moen Lid (M19/20), Torgeir Lid Byggland (M17) og Stian Yndesdal Ofte (M17). Dessutan er Anders Krog (eldre junior) med i kombinert.
Runar Skaug Mathisen (M19/20) og Knut Halvor Erikstein (M19/20) representerer Vinje IL i junior-NM.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seks verdscuppoeng i debuten
Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo IL blei nummer 25 på langrennssprinten i Davos laurdag, og fekk med det seks poeng frå verdscupdebuten.
Det var ok, føler eg. Skal kunne kalle dette ein debut i verdscupen, seier Lid Byggland til Varden.
Han gjekk vidare frå prologen som siste løpar, og hadde ein plan om å henge på så lenge han kunne i kvartfinalen. Men han fekk det tungt etter eit enormt høgt tempo frå start, og sleit med å bli kvitt mjøkesyra i høgda.
Eg innsåg kjapt at det ikkje var mogleg å kome tilbake, sa han til avisa etter løpet.
Alexey Poltoranin frå Kasakhstan vann sprinten i Davos.
Lid Byggland er fornøgd med å få føle på nivået i verdscupen, og reiser no heim for å trene. Neste konkurranse blir noregscup i Molde i mars, før det blir verdscupsprint i Drammen.