Set ein stoppar for omstridde forslag i jordbruksmeldinga
Næringskomiteen er ikkje einige i forslaga til landbruksministaren. Det betyr at Tine får plikt til å hente geitemjølk.
Torsdag sette næringskomiteen ein strek over ei rekkje av forslaga regjeringa la fram i jordbruksmeldinga. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) la i desember fram ei rekke omstridde forslag til omleggingar og endringar, deriblant avvikling av den samvirkebaserte marknadsreguleringa for fleire jordbruksvarer som korn, egg og geitemjølk, skriv Nationen.
Det får han ikkje gjennomslag for i næringskomiteen på Stortinget, som i hovudtrekk vil vidareføre dagens ordningar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forslaga om å avvikle tilskotet til avløysing ved ferie og fritid og ordninga for tidleg pensjon blir òg stoppa av komiteen. Hovudmålet regjeringa hadde for landbruket i Noreg, kostnadseffektiv matproduksjon, har møtt kraftig motstand. Også dette blei nedstemt. Eit stort fleirtal går i staden inn for at hovudmålet skal vera auka norsk matproduksjon med grunnlag i norske ressursar. Komiteen viser til at målet med å auke matproduksjon er å auke sjølvforsyningsgraden, styrke beredskapen og dekke etterspurnaden.
Regjeringa får heller ikkje fullt gjennomslag for forslaget om å kutte talet på regionar for omsetning av mjølkekvotar frå dagens 18 til 10.