Set prikken over i-en på musikken
Kjetil Draugedalen er mannen bak to av dei nominerte platene til årets Spellemannspris.
Det er klart det er stas, seier den utflytte kviteseidingen.
Kjetil Draugedalen har produsert platene til Jim Stärk og Kåre Virud som er nominerte i høvesvis beste popgruppe og blues-klassa. Draugedalen har sitt eige studio, Supermono, i Oslo, der han i år har vore med og produsert i alt sju plater.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er god utteljing, ja, seier han om dei to nominasjonane.
32-åringen har også tidlegare stått bak ein produksjon som har vore nominert, men vann ikkje då. Han tenkjer ikkje så mykje på at ei av platene han har produsert, kan vinne Spellemannsprisen.
Det er utruleg mange bra plater, men det er hyggeleg å bli tatt med i vurderinga, seier han nøkternt.
Ikkje mål om å fargeleggje
Draugedalen seier ein musikkprodusent er ein kombinasjon av filmprodusent og regissør, om ein ser til filmverda. Han har mange oppgåver, og målet er å få sett den siste prikken over i-en som gjer at plata vil bli høyrt om att og om att, og gjere salstala hyggelege for plateselskap og artist.
Eg har ikkje noko mål om å fargeleggje plata slik at folk ser at eg har produsert ho. Det handlar om å få Jim Stärk til å høyrast endå meir Jim Stärk ut, eller Kåre Virud endå meir Kåre Virud, forklarar han.
Men så kan det vera eg trekkjer plata ned i søyla også, legg han til.
Musikkprodusenten er ikkje han som får dei største oppslaga. Popstjernedraumen har Draugedalen skrinlagt for lengst, og han trivast som bakmann.
Kjendisstatus har eg ikkje behov for. Det trur eg ikkje er mykje moro, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Son av faren
Kven er Kjetil Draugedalen?
Eg er 32 år, gift og har to barn. Eg bur i Tønsberg, og er son av far min, smiler han. Faren er songaren Gunstein Draugedalen, og dei har samarbeidd på fleire plater. Seinast i fjor, då junior og senior gav ut Djupe spor, ei nyinnspeling av gamle låtar.
Korleis er det å jobbe med faren din?
Det er meir profesjonelt enn far-son-forhold når me jobbar saman. Etter kvart har han fått ei god dose respekt for meg, smiler Kjetil Draugedalen.
Prøva og feila
Produsenten flytta frå Kviteseid i 1979. Han skjønna tidleg at det var musikk han ville jobbe med. I 14-årsalderen lærte han seg å spele gitar, og han var med i diverse band. Men etter kvart fann han ut at innspelingsprosessen var det artigaste, og han kikka seg om etter ein slik jobb. No har han eige studio i Oslo.
Eg har lært ved å prøve og feile, seier han.
Jim Stärk er ei gruppe han har fylgt sidan starten. Den då nyetablerte popgruppa leigde øvingslokale av Draugedalen, som likte det han høyrde.
Dei ville eg produsere plate for, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nyleg har han avslutta ei innspeling med Jeremy Spencer, gitaristen i Fleetwood Mac. No håpar Kjetil Draugedalen på å tilbringe meir tid med familien. Og kan hende blir det Kviteseid-tur snart.
Eg har dårleg samvit for at eg ikkje har besøkt farmor på ei stund, men eg skal prøve å få til ein tur, seier Draugedalen.