Nissedal kommune har sikra seg dette området i Treungen sentrum. Arealet kan bli til attraktive tomter inkludert jordbruksareal. Sveinung Seljås, plansjef i Nissedal og Kviteseid, trur det er mogleg å ha tomtene byggjeklare til hausten, om det er her politikarane ynskjer satsinga.
Nissedal kommune har sikra seg dette området i Treungen sentrum. Arealet kan bli til attraktive tomter inkludert jordbruksareal. Sveinung Seljås, plansjef i Nissedal og Kviteseid, trur det er mogleg å ha tomtene byggjeklare til hausten, om det er her politikarane ynskjer satsinga.

Sikra seg sentrumsnært tomteområde

Etter at Nissedal kommune nyleg kjøpte eit attraktivt område i Treungen sentrum, kan bustadtomter med landbruksareal snart bli lagt ut for sal.

Solåsfeltet like nord for Treungen sentrum låg byggjeklart for over 35 år sidan, og har vore fullt utbygd i årevis. Tempoet for å få selt byggjeklare bustadtomter i Kåsa/Solli-feltet litt lenger nord i bygda har ikkje gått i same takten. Reguleringsplanen for bustadfeltet blei laga i 1980, og fyrst no har det byrja å blitt manko på ledige tomter.

– Det har ikkje gått veldig fort med utbygginga i Kåsa/Solli-feltet. Stort sett har det blitt selt frå null til to tomter i året. I fjor blei tri tomter tinga, og no er feltet så godt som fullt, fortel Sveinung Seljås, plansjef i Nissedal og Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er elles ledige tomter i somme andre byggjefelt i kommunen.

Omarbeide

Reguleringsplanen for Kåsa/Solli-feltet legg til rette for meir utbygging.

– Det er eit aktuelt område for å utvikle nye tomter, men då må ein fyrst skøyte på med vegar, vatn og kloakk, seier Seljås.

Så spørs det om politikarane vil bruke avsette pengar på dette området, eller eit anna og 55 dekar stort areal kommunen nyleg har kjøpt av grunneigar Egil Oleiv Tveit for nær 400.000 kroner. Området har også jordbruksareal, ligg mellom dagens opparbeidde Solåsfelt og sentrum, og er tidlegare regulert til bustadføremål. Totalt er det tolv regulerte tomter i dag.

– Me må sjå om planen må omarbeidast, mellom anna med ny tilkomstveg og om ein kan få meir ut av eit område som no bare er definert som skogbruk. På toppen av arealet kan det bli kjempefine tomter ut mot Nisser, seier Seljås.

Attraktive buområde

Nissedalrådmann Ketil O. Kiland fortel at det er ynskjeleg å kunne tilby sentrumsnære tomter, og han trur slike vil bli populære.

– Og i eit næringsmøte i fjor kom det fram ynskje om slike tomter. Det har vore arbeidd med tanke på nye bustader i sentrum tidlegare også, men leilegheitplanane stranda, fortel Kiland.

I det nyleg kjøpte området finn han det interessant at det også er med jordbruksareal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kanskje nokon som vil ha tomt ynskjer å dyrke og ha parsellar til eigen nytte. Elles er det også eit poeng med desse tomtene at det er lettare å selje om folk ynskjer å flytte på seg i framtida, seier Kiland.

Både han og ordføraren fekk under rulleringa av næringsplanen i fjor i oppgåve å arbeide for attraktive buområde. Kiland vil ikkje seie at Kåsa/Solli-feltet ikkje er sentrumsnært, men valet hans er å satse på det nykjøpte området som då blir ei forlenging av Solåsfeltet.

Torsdag skal kommunestyret ta stilling til rådmannens tilråding om å revidere reguleringsplanen for området som nyleg har kome i kommunale hender. Etter at planen er ferdig meiner rådmannen at kommunestyret skal ta stilling til bruken av dei 600.000 kronene som står att i avsettinga til bustadtomtpotten politikarane vedtok under siste budsjettmøte.

Og fell valet på å utvide Solåsfeltet, trur plansjef Sveinung Seljås ein kan ha byggjeklare tomter frå hausten av.