Bård Hoksrud (Frp), Solveig Sundbø Abrahamsen (H) og Geir Jørgen Bekkevold (KrF) er glade for at det ikkje lenger er aktuelt å endre konsesjonsordninga - som sikrar kommunane og fylkeskommunen totalt opp mot 200 millionar kroner i året.
Bård Hoksrud (Frp), Solveig Sundbø Abrahamsen (H) og Geir Jørgen Bekkevold (KrF) er glade for at det ikkje lenger er aktuelt å endre konsesjonsordninga - som sikrar kommunane og fylkeskommunen totalt opp mot 200 millionar kroner i året.

Sikrar kraftverdiane i kommunane

Fredag kunne fornøgde telemarkspolitikarar konstatere at vasskraftverdiar på 170 millionar kroner likevel ikkje blir sett på spel.

Vesttelane var blant dei som reagerte med frykt og uro då Regjeringa ville at eit ekspertutval skulle sjå på konsesjonskraftordninga – ei ordning som sikrar kommunane i Telemark og fylkeskommunen nesten 200 millionar kroner i året. Bakgrunnen for framlegget var å nå målet om «effektiv og samfunnsrasjonell utnytting av vassressursane».

Fredag kunne telemarkingane på Stortinget med greiner til regjeringa og samarbeidspartia melde at vasskraftverdiane er sikra: Det blir inga endring i konsesjonskraftordninga og det blir heller ikkje sett ned eit ekspertutval.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunn: Enorme kraftverdiar på spel

Enorme summar

Solveig Sundbø Abrahamsen (H), Bård Hoksrud (Frp) og Geir Jørgen Bekkevold (KrF) har arbeidd aktivt overfor partifellene sine, og spesielt mot kollegaene i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

– Det har vore eit godt samarbeid, og me har fått gode innspel frå fleire av kommunane i Telemark som låg an til å bli ramma av framlegget, seier dei tre i ei pressemelding.

Erik Skjervagen. (Arkivfoto)
Erik Skjervagen. (Arkivfoto)

– Dette er ein svært god dag for innbyggjarane i dei kommunane som kunne risikert å mista mykje pengar, konkluderer Abrahamsen, Hoksrud og Bekkevold.

Det var dei seks kommunane i Vest-Telemark, saman med, i særleg grad Tinn, men også Hjartdal, som ville blitt råka hardt av framlegget. Ein kommune som Vinje fekk i 2014 37,5 millionar kroner totalt frå konsesjonskraft og konsesjonsavgifter. I Fyresdal og Tokke var totaltala høvesvis 14,3 og 12,3 millionar kroner. Totalt for kommunane i Vest-Telemark utgjorde konsesjonskraft og konsesjonsavgifter meir enn 80 millionar kroner.

Bakgrunn: Åtvarar mot å endre modellen for kraftpengane

Tinn kommune fekk nesten 44 millionar kroner. Telemark utviklingsfond (TUF) hadde heller ikkje vore ein realitet utan desse inntektene.

Store ressursar på spel

Til VTB seier Solveig Sundbø Abrahamsen at sjølv om det i energimeldinga ikkje stod noko direkte om å fjerne konsesjonskraftordningane, skapte det ein unødig frykt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var naturleg at ein blei engsteleg når det var ynske om at ei gruppe skulle sjå på ordninga. Då blir ein redd for eit prinsipp som i dag fungerer etter intensjonen, seier Abrahamsen, som heile tida har vore klar på at ho ikkje kunne gå inn for eit slikt ekspertutval.

Ho trekkjer fram dialogen mellom anna med Vest-Telemarkrådet som viktig. Rådet tok turen for å møte telemarksbenken i slutten av mai.

– Store ressursar stod på spel. Saka har vore høgt prioritert. Me har hatt god dialog og kontakt med våre folk i komiteen og argumentert for vårt syn, fortel stortingsrepresentanten frå Flatdal.

Dermed blir ikkje konsesjonsordninga ein del av energimeldinga Stortinget får til behandling.

 

– Ville ført til ein ekstrem reduksjon i tenestene

Regionordførar Erik Skjervagen (Ap) er letta over at det ikkje lenger er aktuelt å sjå på konsesjonskraftordninga.

– Det er ei lykke for heile regionen. Dette har vore den største trusselen me har stått overfor, mykje større enn trusselen om samanslåing, seier Skjervagen til VTB.

– Hadde det i praksis vore kroken på døra for Vest-Telemark?

– Det er vel kanskje å dra det litt langt, men det hadde ført til einekstrem reduksjon i tenestetilbodet, seier Skjervagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er positivt overraska over at saka alt no er avblåst, og er glad for at stortingsfleirtalet har tatt til seg signal som har kome i høyringsrunden.

– Me har sett det før også. Har ein gode argument, så når ein fram, seier han.

Konsesjonskraftordninga

Skal sikre at lokalsamfunna som avstår naturressursar til storsamfunnet får sin rettmessige del av verdiskapinga.

Konsesjonskraft: Ein del av kraftproduksjonen som vertskommunen får som vederlag for å avstå verdifulle naturressursar. Kommunane og fylkeskommunane det gjeld betalar berre produksjonskostnadene av denne krafta, som dei sel vidare og slik skapar inntekter for kommunen.

Konsesjonsavgifter: Erstatning for generelle skadar og ulemper til lokalsamfunnet.

Kjelde: Høyringsuttale til energi- og miljøkomiteen frå Vinje kommune