Stein Birger Johnsen, dagleg leiar av Rauland Invest, blei onsdag pågripen av politiet, mistenkt for grov økonomisk utruskap i selskapet.
Stein Birger Johnsen, dagleg leiar av Rauland Invest, blei onsdag pågripen av politiet, mistenkt for grov økonomisk utruskap i selskapet.

Sikta for grov økonomisk utruskap

Advokat og dagleg leiar av Rauland Invest gjennom mange år, Stein Birger Johnsen, vart ved 11-tida i går pågripen av politiet. Han er sikta for grov økonomisk utruskap i selskapet.

Arrestasjonen skjedde på advokatkontoret til Johan Henrik Frøstrup i Porsgrunn der Johnsen var i møte, opplyser Frøstrup til VTB. Han opplyser vidare at han straks påtok seg forsvararoppdraget for Johnsen.

Økoteamet ved politiet i Telemark gjennomførde i går i samarbeid med Økokrim ein samordna aksjon med ransakingar på fleire adresser i Grenland og i Rauland, opplyser politiadvokat Gunnstein Bjørgum til Vest-Telemark blad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til grunn for ransakinga låg ei rettsleg avgjerd som gav grønt lys for ransakingane. Samstundes avgjorde politiet at ein person skulle pågripast, opplyser Bjørgum.

Mange avhøyr

Johnsen vart pågripen i Porsgrunn, teken med til advokatkontoret sitt i Skien og sidan transportert til Telemark politikammer for avhøyr, opplyser Bjørgum.

– Det skal no gjennomførast omfattande avhøyr med den pågripne og ein god del vitneavhøyr, opplyser Bjørgum. Han held det opent om det blir aktuelt å be om varetektsfengsling. Han seier at politiet vil nytte tida fram til fristen for framstilling, to døgn, før ein tek endeleg stilling til om det er behov for varetektsfengsling.

Bjørgum held det også opent om det kan vere aktuelt å sikte fleire personar i saka.

Meld til politiet

Bjørgum opplyser at politiet har arbeidd med saka i lengre tid før ein gjekk til retten og fekk samtykke til ransakingar. Aksjonen onsdag har vore planlagd i samarbeid med Økokrim i Oslo i lengre tid. Han opplyser vidare at i botnen for arbeidet med saka, ligg det ei melding til politiet med oppmoding om etterforsking.

VTB kjenner til at Stein Birger Johnsen vart meld til Økokrim i Oslo for fleire månadar sidan. I eit omfattande dokument er Johnsen meld for underslag, økonomisk utruskap, bedrageri, skatteunndraging, brot på aksjelova med meir.

«Hemnaksjon»

Frøstrup uttalar til VTB at arrestasjonen av Johnsen er basert på «ein hemnaksjon frå ein person som Johnsen tidlegare har hatt kontroversar med». Han legg til at han «trur saka blir lagt vekk så snart politiet har sett seg inn i saka». «Siktinga er basert på at Johnsen gjennom fem år skal ha heva advokatsalær frå firmaet Rauland Invest for tenester som ikkje er utførd – altså på luft. Slik er det sjølvsagt ikkje. Her ligg det føre både revisorgodkjende og skattegodkjende rekneskap», seier Frøstrup.

Han meiner politiet har gjort eit dårleg forarbeid før dei gjekk til aksjon. Frøstrup hevdar at det alt er gjort stor urett mot Stein Birger Johnsen. Han opplyser at han sjølv i mange år har hatt forretningsjuridiske oppdrag for Johnsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB fekk i går kjennskap til at det skal ha vore ein uvanleg stor aktivitet i lokala til Rauland Skisenter tysdag gjennom dagen og kvelden, altså dagen før politiransakinga.

Politiadvokat Bjørgum seier at han er ukjent med dette men at han noterer seg opplysningane med interesse.

Krumtappen

Stein Birger Johnsen har vore krumtappen i den storstila hytteutbygginga i Holtardalen i Rauland frå starten og fram til i dag. Og han har fått tilnamnet «kongen av Holtardalen». Inngangsbilletten var kjøp av eit stort tomteområde som han i 2005 kjøpte av den no pensjonerte politiembetsmannen, Tov Svalastog, for fem millionar kroner. Dei har også hatt tett samarbeid i åra seinare.

Johnsen er også styreleiar i Visit Telemark AS.