Stein Erik Hegna (61) har vore landpostbod i Vest-Telemark sidan 1979. I dei åra har han jobba annankvar laurdag. Sist laurdag var hans siste avislevering til mellom andre Harry Frantzen på Åmdals Verk.
Stein Erik Hegna (61) har vore landpostbod i Vest-Telemark sidan 1979. I dei åra har han jobba annankvar laurdag. Sist laurdag var hans siste avislevering til mellom andre Harry Frantzen på Åmdals Verk.

Siste laurdagsombering for postveteran

Sist helg var landpostbod Stein Erik Hegna (61) sin siste arbeidslaurdag. Heilt sidan 1979 har han køyrd posten i Vest-Telemark. – Det blir laurdagsfri med ein bismak, seier han.

– Det skal bli godt med laurdagsfri, men det blir rart også. I 37 år har eg køyrd post i Vest-Telemark annakvar laurdag i tillegg til vekene, seier Hegna.

Det er fordi Posten tapa anbodsrunden for å køyre posten på laurdagar at Hegna no har køyrt sin siste postrunde på slike dagar. Dei nye aktørane, Kvikkas AS, eit bodog transportfirma, skal ta over laurdagsdistribusjonen frå og med november i år. I Vest-Telemark har Kvikkas sett vekk laurdagsdistribusjonen til underleverandøren Norpost.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg seier det blir laurdagsfri med ein bismak fordi dette betyr at arbeidsplassar blir borte. Det blir reduserte stillingar for kollegaer, og det er trist. Samstundes skjønar eg at Posten også må tilpasse seg marknadssituasjonen, fortel Hegna.

– Lykke til

Han byrja å køyre post alt i 1974. Då arbeidde han to av tre laurdagar – i Oslo.

– Det blir på mange vis eit luksusproblem med laurdagsfri, og eg skal nok finne på noko å drive med, seier han.

– Kva tenkjer du om dei nye aktørane, som truleg ikkje er like lokalkjente som erfarne landpostbod?

– Eg skal ikkje gje meg inn på kva eg tenkjer om det, men berre ynskje dei lykke til, svarar Hegna, før han leverer dagens aviser til Harry Frantzen.

– Me får berre håpe at det kjem aviser på laurdagane framover. Kan hende er det ukjente sjåførar, og då kan det vel bli vanskeleg. Men me får berre sjå korleis det går, seier Frantzen.

Ytringar på side 18.