Margrete Hovda
Margrete Hovda

Sjokoladekappleik fall i smak

Det var heile 94 innslag på scena i ein rekordstor sjokoladekappleik i Seljord.

Laurdagens sjokoladekappleik i gamlesalen på Granvin i Seljord samla hundrevis av unge utøvarar frå mange bygder. Totalt var det 94 innslag frå scena, og det er ein soleklar rekord.

– Det er heilt fantastisk. På eit av innslaga var 25 unge frå Tusseleiken på scena samtidig, men då var det fullt der. Dessutan var det ved eit anna høve ein veldig bra gutegjeng på 10 personar som dansa halling på same tid. Rekrutteringa er utruleg, og ein god del av utøvarane som har halde på ei stund byrjar å bli gode, seier Britt Merete Funner, leiar i Tusseleiken i Seljord, folkedanselaget for dei unge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho trekkjer fram ungdomane Bjønn Raftevold Rue og Mari Moen som viktige inspiratorar for dei unge.

– Bare det at dei to er der blant dei unge og er så gode, seier Funner.

Moro

Fleire av sceneinnslaga hadde med unge som alt hadde delteke. Nokon både dansa og kveda, eller spela fele også. Dermed kunne dei forsyne seg ein gong til med sjokolade som var premien, i tillegg til diplom.

– Det er morosamt, seier Funner, om dei som var med på fleire innslag med tanke på meir godteri.

Det myssar av unge i Tusseleiken. Ein av dei er Solveig Bruhaug (9) frå Morgedal. Ho blei med på aktiviteten som 7-åring.

– Det er moro å danse og at me er så stor gjeng. Me øver kvar torsdag, men eg har lyst til meir enn det. Til meir me øver til flinkare blir me. Då blir det mykje meir moro, smiler ungjenta til bladfyken, like før ho skal vise seg fram for eit folkehav i gamlesalen.

– Eg gruar meg ikkje så veldig til eg skal danse på scena, avsluttar Bruhaug.

Låg langflate

Den som utmerka seg i spel, dans eller kveding, skulle få Magne Manheims inspirasjonspris på arrangementet. Prisen gjekk til Tommy Aanestad frå Lunde, etter glimrande spel på hardingfela.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til instruktørar og dugnadsfolk var det heile 160 betalande vaksne på sjokoladekappleiken. Inne i gamlesalen sat unge og eldre som sild i tønne.

– Ja, det gjorde dei verkeleg. Fleire vaksne måtte sitte utanfor salen, og sa det var kjedeleg for dei. Det forstår eg. Det blir ei eiga stemning med å ha sjokoladekappleiken i gamlesalen, så me kan ikkje trekkje oss ut av den. Neste gong får me vurdere å fjerne borda, og heller bare ha stolar slik at det blir plass til fleire, seier Funner.

Det vellykka arrangementet med eit hav av unge utøvarar blei avslutta med at det blei kasta ut ein del sjokolade som var til overs. Då var det somme som låg langflate i lufta for å sikre seg ein ekstra godbit på ein dag som verkeleg fall i smak for folk i mange aldrar.