Sju vil bli rådmann i Tokke
Ny Tokke-rådmann er snart på plass. No står det berre att å finne den beste kandidaten blant søkarane.
Fredag blei det klart at det er sju personar som har søkt på stillinga som rådmann i Tokke. Fire av søkarane er busette i Vest-Telemark. Det er seks menn og ei kvinne som søker stillinga.
Dei som ønskjer å bli Tokkes neste rådmann er: Kristian Espeland (60) frå Seljord, revisor og eigar av revisjonskontor, Frank Helgestad (49) frå Tokke, høgskulelektor, Dag K. Flater Hwang (57) frå Oslo, fyrsteamanuensis, John Kleiv (51) frå Vinje, VA-ingeniør/avdelingsleiar, Egil Kongsbakk (63) frå Skien, administrerande direktør, Harriet Slaaen (50) frå Seljord, assisterande banksjef og Frank Steinsvik (46) frå Grue, kyrkjeverje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Jarand Felland er godt nøgd med søkarlista.
– Stillinga som rådmann i Tokke er ei av dei mest spennande stillingane innanfor offentleg sektor i vår region, seier han i ei pressemelding.
Vidare no vil eit tilsetjingsutval kalle inn dei aktuelle søkarane til intervju.
I tilsetjingsutvalet sit ordførar Jarand Felland, varaordførar Tone Dale Solvang, leiar for opposisjonen Hilde Alice Vågslid og hovudtillitsvald frå Fagforbundet Anne Vadder Midtbø. Konstituert rådmann Hans Kristian Lehmann er sekretær for utvalet.
Tilsetjingsutvalet vil kome med ei innstilling til administrasjonsutvalet. Den endelege tilsetjinga blir gjort av kommunestyret etter innstilling frå administrasjonsutvalet, heiter det i pressemeldinga.