Sjuandeplass i hovudlandsrennet
Thomas Haugerud Øverland frå Seljord I.L gjekk inn til ein sterk sjuandeplass av 100 startande på normaldistansen i skiskyting for gutar 16 år under hovudlandsrennet på Veldre Sag i Brumunddal. På laurdagen kom han på plass nummer 37 av 100 på sprinten etter å ha gått seg opp ti plassar frå Kvalfossprinten. Halvor Trondson Hove frå I.L Dyre Vaa kom på plass nummer 82. i same renn, medan Eivind Gaastjønn frå Fyresdal kom på 62.plass.
Kaja Aamlid frå Fyresdal I.L gjekk inn til ein 19.plass for jenter 15 år på normaldistanse. Guro Ingebjørg Kleiv frå idrettslaget Dyre Vaa kom på plass nummer 34 i klassa for jenter 16 år. Sverre Kornmo Enger frå Fyresdal I.L gjekk inn til plass nummer 84 for gutar 15 år. Are Sæther Midtbø frå same klubb kom inn til ein 95. plass.
Artikkelen held fram under annonsen.
På sundagens stafett gjekk Kaja Aamlid for Telemark og Vestfolds lag som kom på ein habil fjerdeplass.