Andreas Aasland er ein av spelarane på dei unge Vrådalslaget i Norway Cup.
Andreas Aasland er ein av spelarane på dei unge Vrådalslaget i Norway Cup.

Sjuåring debuterte i Norway Cup

Det er sjeldan kost at sjuåringar får sleppe til i Norway Cup. Andreas Aasland var likevel ikkje eldre då han debuterte for Vrådal på Ekebergsletta i går.

Andreas gjorde seg slett ikkje bort sjølv om motspelarane var både to og tre hovud høgare.

– Eg fekk spørsmål om eg kunne tenke meg å vere med i Norway Cup. Det takka eg naturlegvis ja til, sa Andreas etter at Vrådal hadde gjort unna den fyrste kampen sin på Ekebergsletta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Furuset blei som venta for gode for det unge og ikkje minst urutinerte Vrådal-laget. Dei må bruke spelarar frå 7 til 12 år for å kunne stille lag. Vrådølane har òg med seg tre jenter i troppen. Lagleiar Halvor Nordbø hadde gjort rekning med at dei fekk nytte jentene. Han hadde med seg ei godkjenning frå Telemark fotballkrins på at Vrådal fyller opp gutelaga med jenter for å klare å stille lag i den lokale serien.

– Norway Cup-arrangørane ville ikkje godta det utan vidare. Dei hevda dei kunne gje dispensasjon til at me kunne la ei jente spele. Me fekk ikkje dispensasjon til å rullere i fyrste omgang. Etter kvart fekk me dei med på at dei tre jentene kan byte på å spele. Men me får berre ha ei jente på banen om gongen, svarte Nordbø på spørsmål om kvifor det alltid sat minst to jenter på sidelina under kampen.

Vrådal IL har inntatt Ekebergsletta for å oppleve fotballeventyret på nært hald. Alle i troppen er debutantar. Fire år har gått sidan Vrådal stilte lag i Norway Cup førre gong.

Små årskull

– Det kan bli mange år til me stiller Vrådal-lag igjen i Norway Cup. Små årskull og liten oppslutning om fotballen i enkelte årgangar kan føre til at det blir vanskeleg å stille aldersbestemte lag i åra som kjem. Me skulle hatt fleire som Andreas. Han er ein flott ambassadør for Vrådal-fotballen, sa Nordbø til VTB etter 0-3-tapet.

Bydelsklubben vann fyrst og fremst fordi dei var eldre og hadde eit lag som var jamnare enn motstandaren, men vrådølane kjempa tappert og var med på notane. Lagets yngstemann og lagkameratane hadde òg sine sjansar i opningskampen.

¬– Eg spelar mykje fotball kvar dag og det er Ronaldo som er favoritten. Draumen er å bli like god som han, sa Andreas som brukar mykje tid på fotballbanen i heimbygda.

Han kunne fortelje at det var stort å få spele på landets største ballslette. Dei komande dagane blir det nok mange inntrykk å fordøye for den unge vrådølen.