Ånund Lid Byggland har blitt sjuk og stiller ikkje til start i NM denne helga.
Ånund Lid Byggland har blitt sjuk og stiller ikkje til start i NM denne helga.

Sjukdom set Ånund ut av NM-sprinten ...

Ånund Lid Byggland og kjærasten Tiril Eckhof reiste til Hochfilzen i Austerrike i romjoli for å prøve å unngå å bli sjuke. Men for Ånund sin del blei utfallet det stikk motsette. No går han glipp av helgas NM på Gåsbu.

– Det var fint i Hochfilzen og me hadde ein fin tur. Me reiste dit for å kome unna sjukdom, men for meg enda det altså med at eg blei sjuk. Det gjer at eg ikkje stiller i helgas Noregsmeisterskap, seier han.

Ser framover

Planen hans var fyrst og fremst å gå den klassiske sprinten fyrstkomande torsdag, og eventuelt 30-kilometeren med skibyte laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– NM var eitt av hovudmåla mine denne sesongen, så det er surt å ikkje kunne starte. Men no får eg heller sjå framover og satse på å gå noregscup og skandinavisk cup i februar. Det er ei stund til, men det betyr at eg har tid på meg til å kome i form att, fortel han.

– Eg får berre gjere det beste ut av det når alt blei som det blei. No skal eg heie på Torgeir, og håpe han lykkast i helga, legg han til.

– Skal du til Gåsbu?

– Målet er kome vidare frå prologen på torsdagens NM-sprint. Gjer eg det kan alt skje, seier Torgeir Lid Byggland.
– Målet er kome vidare frå prologen på torsdagens NM-sprint. Gjer eg det kan alt skje, seier Torgeir Lid Byggland.

– Nei, eg er ein elendig tilskodar, så det blir nok ikkje nokon tur på meg, svarar Ånund Lid Byggland.

 

Blir heime: Ånund Lid Byggland har blitt sjuk og stiller ikkje til start i NM denne helga. (Foto: Eirik Lund Røer)

 ... men Torgeir er klar

– Eg har halde meg heime i romjoli, og der er det berre kjente basillar. Men eg har likevel hangla litt. Eg blei sjuk før skandinavisk cup i Voukatti i midten av desember, og det har ikkje heilt gjeve seg. Men eg hadde ei god gjennomkøyring no, så eg håpar at kroppen har litt overskot til sprinten torsdag, seier Torgeir Lid Byggland.

Han skal også gå 15 kilometer friteknikk fredag, men det er sprinten som er viktig for han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fredagens konkurranse blir meir som ei god treningsøkt for meg. Målet på sprinten er i fyrste rekkje å kome vidare frå prologen. Klarer eg det kan alt skje. Gjer eg det bra i konkurransen er det også eit utstillingsvindauge for verdscuplaget til sprinten i Drammen seinare i vinter, fortel han.