Sjukehusstrid i Telemark

█ Syner til Heidi Siljan sitt innlegg under «Synspunkt» i TA laurdag 15. februar.

Som pårørande til ein alvorleg sjuk ektemann gjennom lang tid fylgjer eg Heidi Siljan si oppleving av 4-mannsrom på Sykehuset Telemark fullt ut. Diverre fekk me ei vond oppleving to døgn før mannen min døydde som eg meiner skuldast kommunikasjonssvikt. Sjukepleiarar og hjelpepleiarar gjorde det dei kunne og resultatet for resten av opphaldet vart bra og me vart fylgt godt opp. Feilvurderingar trur eg ikkje noko sjukehus kan seie seg fri for, det er menneskeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

At dei fysiske tilhøva er som dei er på Sykehuset Telemark må gjerast noko med, men ikkje ved å leggje ned to og truleg etter kvart tre lokalsjukehus.

Eg har stifta kjennskap til både Rjukan sykehus, Rikshospitalet og altså Sykehuset Telemark i denne perioden og eg veit kva Rjukan sykehus står for. Der er det godt å vere; på 1- og 2-mannsrom med dusj og do og med pleiarar og legar som har tid til pasient og pårørande. Ein blir sendt vidare når det er krav om tenester som dei ikkje har.

Sundagen i romjula, 29. des., var eg saman med mannen min på Rjukan Sykehus, og i den timen og tre kvartera me sat der kom det 5 ambulansar til sjukehuset! Det var kanskje litt meir enn «ett og annet benbrudd» som hr. Hvaal skal ha uttrykt iflg. ein avisartikkel tidleg i «stridsfasen».

Avstand tyder sjølvsagt mykje når ein blir sjuk. Dei fleste skjønar det, både for pasient og pårørande, og då er det merkeleg når det vert hevda frå faghald i Grenland at alt skal bli så mykje betre og tryggare med lengre avstandar. Minner om at ei mil er like lang i øvre Telemark som i nedre. Å miste sjukehuset på Rjukan, for oss som soknar dit, vil gjere vår livssituasjon vanskelegare. Notodden sykehus som er gjort framlegg om som akuttsjukehus for oss, blir det lengre avstand til, og kjennest som, og er, ein omveg.

Mitt håp er at dei som skal ta avgjerslene må ta til vitet og sørgje for oppbygging, og ikkje det motsette, av helsetilbodet for alle i Telemark. Og me må ha tid til å vente på at nasjonal helseog sjukehusplan blir handsama før avgjerd vert teken.

Agendaen bak framlegget om å leggje ned sjukehusa på Rjukan og Kragerø synest ganske klår sjølv om det er lagt ned mykje arbeid for å skjule den eigentlege grunnen; å få bygd eit storsjukehus i Skien. Er svært usikker på om alle pasientar er teke like mykje omsyn til i denne saka. Eg byggjer mine tankar på avisinnlegg både frå dei som velsignar framlegget og motstandarane. Og ikkje minst erfaringane som pårørande til ein alvorleg sjuk ektemann.

Eg er glad for vedtaket politikarane i Vinje har gjort i siste kommunestyre. Vonar også politikarane i Tokke fylgjer opp og kjenner på at det er viktig å stå saman som region i denne saka. Og at avstand til akutttilbod er viktig, og i mange tilfelle heilt avgjerande for om ein overlever.

«Ikke rør Rjukan sykehus.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Borghild Lurås Stahl, Dalen