Skal arbeide vidare med «søkolog»-planar
Ei adhoc-gruppe skal sjå på korleis Seljord kommune skal bruke dei 700 000 kronene som blei sett av i budsjettet til å finne fleire eksterne midlar til kommunen.
Då Seljord kommune handsama budsjettet for 2017 kom ordføraren med forslag om at kommunen skulle setje av 700 000 kroner slik at ein kunne tilsetje ein «søkolog» i prosjektstilling. Kommunstyret sette av pengar til eit «Søkolog-prosjekt» i 2017-budsjettet. Målet og bakgrunnen for ei satsing på ein søkolog var å skaffe fleire offentlege midlar til Seljord.
– Prosjektmidlar innanfor mange fagområde er det mogleg å nytte seg av og Seljord kommune skal styrke dette arbeidet med ein spesifikk ressurs, uttala ordførar Haugan.
Artikkelen held fram under annonsen.
I ettertid oppstod det uvisse om kommunestyret sitt vedtak: Skulle dei tilsetje ein fysisk person eller skulle løyvinga på 700 000 kroner bli nytta som eigendelar i prosjekt som ville skape ein større og positiv effekt for kommunen? Rådmannen skreiv i saksutgreiinga til kommunestyret at han tolka vedtaket som at løyvinga skulle nyttast som eigendelar, og bad difor kommunestyret om å klargjere dette torsdag.
– Dette er upløgd mark, og eg forstår at administrasjonen stiller spørsmål, uttala ordføraren.
Blei samde
I torsdagens kommunestyre kom ordføraren med eit framlegg som resten av kommunestyret ynskte å fylgje. I vedtaket står det at dei avsette midlane til «søkolog» skal vere til ein person som arbeider med denne oppgåva i Seljord kommune.
For å få til ein best mogleg start på bruk av ressursen, der ein også kan gå igjennom aktuelle prosjekt, ville kommunestyret setje ned ei politisk adhoc-gruppe med fem medlemmer.
Kommunestyret vedtok vidare at gruppa skulle ha Halfdan Haugan (Ap) som leiar, og Pia Groven Robertsen (H) og Kristian Espeland (KrF) som faste medlem og Gunnar Eilefstjønn (H) som vara frå posisjonspartia. Frå opposisjonen blei Beate Marie Dahl Eide (Sp) valt som medlem med Margit Elise Karlsen (V) som vara og Henry Mæland (Sp) som medlem med Lars Bjaadal (Sp) som vara.
– Det er mykje midlar å hente, difor går me for forslaget fordi me meiner dette er noko me bør satse på, uttala Lars Bjaadal (Sp).