– Etter at prosjektet er ferdig vil innbyggjarane bli meir fornøgde med dei kommunale tenestene, og merke at måten dei blir møtt på i kommunen er betre enn i dag, seier prosjektleiar Vivi Amstrup Nielsen (t.v.), Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland, ordførar Bjørn Nome og kommunetillitsvald Berit Gulbrandsen.
– Etter at prosjektet er ferdig vil innbyggjarane bli meir fornøgde med dei kommunale tenestene, og merke at måten dei blir møtt på i kommunen er betre enn i dag, seier prosjektleiar Vivi Amstrup Nielsen (t.v.), Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland, ordførar Bjørn Nome og kommunetillitsvald Berit Gulbrandsen.

Skal auke tenestekvaliteten

I Fyresdal er det starta eit prosjekt som skal munne ut i at kommunen blir endå betre å bu i. Innbyggjarane skal få auka kvalitet på kommunale tenester, og blant tilsette skal trivselen opp og sjukefråveret ned.

Fyresdal kommune har blitt med i satsinga på eit kvalitetskommuneprogram der hovudmåla er auka nærvær, betre trivsel og høgare kvalitet på tenestene.

– I kommunen er det i mange år jobba målretta med kvaliteten i tenestene. Kvalitetskommuneprogrammet byggjer på ein del av arbeidet som er gjort, i tillegg til at me skal forsterke det, fortel Vivi Amstrup Nielsen, prosjektleiar og til dagleg sektorleiar for helse og omsorg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Friskare ved trimming

Programmet skal ha tri delprosjekt på same tid. Ei satsing er å få ned sjukefråveret. For å klare det vil kommunen mellom anna ha mange alternative frisktiltak der ein skal få tilsette til å trimme. I fjor var 57 kommunetilsette på så mange fjelltoppar at kvar gjekk på seg tri dagar fri frå jobben. Dette er døme på tiltak å vidareføre.

– Me har alt merka positiv utvikling på sjukefråversprosenten etter trimtiltaka som er starta, fortel tillitsvald Berit Gulbrandsen.

I tillegg blir det påpeika at fjellturar også har ei sosial side der ein på tvers av avdelingane slår av ein prat og har det hyggeleg saman.

Vidare skal ein jobbe vidare med å auke stillingsprosentane til tilsette som ynskjer det. Kommunen erfarer at ein ved større stillingar har lettare for å rekruttere arbeidsfolk, og tilsette står lenger i jobbane. Satsinga på auka stillingsprosentar har elles ført til at to tilsette har flytta til Fyresdal.

– Me lokkar ingen med ei 17,3 prosent stilling, skyt Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland inn.

Betre dialog

Det siste delprosjektet gjeld omdømmebygging i skulen.

– Me er alt på veg for å få ein betre dialog mellom skulen og lokalsamfunnet. Hovudtingen her er at me ynskjer å gjere dialogen betre enn han er. Me skal elles ha ut ei brukarundersøking, og då vil det kome peikepinn på kva me må jobbe vidare med, seier Amstrup Nielsen.

– Framover skal me ha er ei skikkeleg effektivitets- og kvalitetssatsing. Kommunen vil bli meir profesjonell, tilsette skal trivast betre og bli meir stolte av arbeidsstaden enn i dag, held prosjektleiaren fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når folk trivast og har det bra på jobb, får ein betre kvalitet på tenestene, skyt Fyresdal-ordførar Bjørn Nome inn.

Rådmann Kiland legg til at her dreier det seg mykje om å skape gode haldningar blant tilsette for å gje gode tilbod.

– Etter at prosjektet er ferdig vil innbyggjarane bli meir fornøgde med dei kommunale tenestene, og merke at måten dei blir møtt på i kommunen er betre enn i dag. Fyresdal vil bli ein betre kommune å bu i, lovar Amstrup Nielsen, Gulbrandsen, Kiland og Nome.

Kvalitetskommuneprogrammet

Staten, Kommunanes sentralforbund og arbeidstakarorganisasjonane har inngått avtale om eit program for utvikling av kvalitet i kommunesektoren. Kvalitetskommuneprosjektet skal auke kvaliteten og effektiviteten på det kommunale tenestetilbodet gjennom konstruktivt samhandling mellom folkevalde, kommuneleiarane og tilsette slik at innbyggjarane merkar ei betring.

Samarbeidet om prosjektet er forpliktande og det skal vere klare og målbare mål. Måleverktøy er statistikkar og brukar- og medarbeidarundersøkingar.

Det er eit særskilt mål å redusere sjukefråveret i kommunane. Ein viktig del av programmet dreier seg om å skape kvalitet i møtet mellom tilsette som yter tenester og brukarane. Hovudvekta er på pleie- og omsorgssektoren og oppvekstsektoren.

Fyresdal kommune fekk ja på søknaden om å delta i kvalitetskommuneprogrammet. Kommunen har budsjettert med totalt 900.000 kroner i satsinga for i år og neste år.