Runar Skaug Mathisen (24) kjem ikkje heim til Vinje for å ligge på latsida, og trenar stort sett to gonger til dagen i løpet av sommarferien. VTB fekk vere med då han køyrde ei stakeøkt på rulleski frå Mannås til Rauland.
Runar Skaug Mathisen (24) kjem ikkje heim til Vinje for å ligge på latsida, og trenar stort sett to gonger til dagen i løpet av sommarferien. VTB fekk vere med då han køyrde ei stakeøkt på rulleski frå Mannås til Rauland.

Skal bli best i dei lengste løpa

Runar Skaug Mathisen (24) skal inn mot neste sesong satse på langløp. Der trur både han og Team Telemark-trenar Jarle Ausland at vinbyggjen kan vere med heilt i toppen.

Runar Skaug Mathisen har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å bli eitt av dei mest lovande langrennstalenta i regionen. No skal vinbyggjen spisse satsinga inn mot langløp – ein disiplin han meiner han har gode føresetnadar for å gjere det godt i.

– Eg trur eg har størst potensial der. Eg trur eg kan bli best, seier Mathisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I og med at han har endra satsingsområde for den komande sesongen, har det vore vanskeleg for Mathisen å sette seg konkrete resultatmål, men han er klar på kva konkurransar som har prioritet.

– I langløpssirkuset er det tre renn som er større enn alle andre – Birken, Vasaloppet og Marcialonga, så eg håpar eg kan gjere det bra i dei, seier Mathisen.

Dei inngår alle i Visma ski classics, som er ein kontinental langløpscup på 11 renn.

Både Runar (til høgre) og trenar Jarle Ausland, trur vinbyggjen kan vere med å kjempe heilt i toppen til vinteren, då langrennstalentet har skifta satsingsområde til langløp.
Både Runar (til høgre) og trenar Jarle Ausland, trur vinbyggjen kan vere med å kjempe heilt i toppen til vinteren, då langrennstalentet har skifta satsingsområde til langløp.

– Det er dyrt å reise rundt i Europa, og eg har ikkje råd til å stille til start på alle elleve renna. Så eg skal spe på med NM, nokre noregscup-renn og forhåpentlegvis Fossvatn skimaraton på Island, forklarar 24-åringen.

– Og så skal eg vinne Helterennet, føyer han til.

Sterk retur frå sjukdom

Førre sesong starta godt for vinbyggjen, men eit tett rennprogram gjorde det vanskeleg å halde den gode forma ved like.

– Rundt jol var eg i veldig bra form, men utover på nyåret blei det nok for mange konkurransar, og i januar gjekk det ikkje så bra. Marcialonga var berre fire dagar før NM, og då begge desse gjekk dårleg, bestemte eg meg for at eg trong ein konkurransepause, fortel Mathisen.

Han tok ein tre veker lang pause der han la ned ein stor treningsinnsats, med Helterennet som mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter konkurransepausen følte eg meg i god form, og var klar til å avslutte sesongen sterkt. Det fyrste rennet eg deltok i var Skandinavisk cup i Latvia, veka før Helterennet. I Latvia klarte eg å bli sjuk, og mista Helterennet, Birken og Haukelirennet. Det var skuffande, seier har.

Etter sjukdommen begynte det å nærme seg slutten på sesongen, og det begynte å haste om Runar skulle kome seg i form til siste del av NM, som gjekk av stabelen i månadsskiftet mars/april.

– Eg hadde fyrste hardøkta seks dagar før femmila i NM. Den økta var vanvitig tung, og eg skjønna eg måte spesialtilpasse treninga slik at eg akkurat klarte fem mil. Då dagen kom var eg i godt slag, og enda på ein 38. plass, som eg var utruleg godt nøgd med, alt tatt i betraktning.

   Etter NM var det duka for Fossvatn skimaraton, der den høgreiste vesttelen fekk målt krefter mot ingen ringare enn Petter Northug.

– Dei siste 25 kilometerane gjekk eg og Northug i tospann. Det var veldig artig, trass i at han var sterkast i spurten.

– Deretter var det eit slags uoffisielt Team Telemark-meisterskap i Knarren rundt. Det vann eg, og er veldig godt nøgd med å vere best på laget, humrar Mathisen.

– Lagkjensle er viktig

I fjor sommar blei talentet med på satsinga Team Telemark, og Runar er veldig godt fornøgd med korleis det har vore å vere ein del av laget.

– Det har vore strålande. Langrenn er ein idrett som krev mykje, og det er veldig vanskeleg å stå aleine. Å kunne reise på treningssamlingar med kompisar betyr mykje, både reint sosialt og for utviklinga sin del. Lagkjensla er heilt essensiell for motivasjonen til å halde på med satsinga, slår han fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny trenar har trua

I mai fekk vinbyggjen ein ny trenar med på laget. Jarle Ausland frå Gjerstad har tidlegare erfaring som mellom anna landslagstrenar for orienteringslandslaget, og har sidan mai hatt ansvaret for ein del av løparane på Team Telemark.

– Eg er glad for å bli med på satsinga. Runar har hatt ei veldig spanande utviklingskurve, han brente ikkje krutet for tidleg og har ein utruleg indre motivasjon. Han har lagt ned ein utruleg eigeninnsats opp igjennom åra, med mykje fokus på detaljar og teknikk, og det ser me no resultata av, seier Ausland.

Han har trua på at endringa av satsingsområde vil bere frukter.

– Runar er ein utruleg flink utøvar som gjer lite feil. Han er òg særs godt disponert for langløp, og eg trur han kan vere med heilt i toppsjiktet. Eg gler meg veldig til å sjå han gå renn i vinter, kyter trenaren.

Han meiner vinbyggjane må få augo opp for 24-åringen, og trur Mathisen kan sette bygda på langrennskartet.

– Det er veldig artig at det kjem ein skiløpar frå Vinje. Det er ingen unnskyldning for å ikkje bli god på ski når ein bur her, kanskje med unntak av skuter, seier Ausland.

– Og det fekk eg ikkje lov til å få meg, så då hadde eg ikkje noko val, ler Runar.