Skal bli blant dei ti beste unge i landet
Runar Skaug Mathisen har hårete mål for den komande langrennssesongen.
Runar Skaug Mathisen fekk tidlegare i år tilbod om ein månads gratis høgdeopphald i Frankrike. Det takka vinbyggjen nei til, han skal leggje grunnlaget på heimebane.
– Det kom eit tilbod i samband med eit forskingsprosjekt. Ein månad med høgdetrening i Chamonix i Frankrike, før ulike testar skulle avsløre nokre av effektane med slik trening. På papiret høyrest det bra ut, men då eg undersøkte nærare, var det usikkert rundt fleire småting, og saman med trenaren min kom eg fram til at eg truleg har betre utbytte av å trene heime. I Chamonix veit eg ikkje korleis forholda er, medan eg veit det er topp å trene i Vinje, fortel Mathisen.
Artikkelen held fram under annonsen.
21-åringen har tatt store framsteg i sporet dei siste sesongane, og håpar han kan ta endå eitt steg i sesongen som kjem.
– Målet mitt er å vere topp ti samanlagt i u-23 noregscupen. Det blir tøft, då må eg jamt over vere betre enn mange løparar som alt har fått prøve seg i verdscupen, og stabilt vere topp 30 i den totale noregscupen. Men ein må vere ambisiøs for å lukkas, seier han.
Runar bur til dagleg på Lillehammer, der han er lagkamerat med mellom anna Eivind Kvaale frå Høydalsmo på privatlaget Team Synnfjell. I år har dei fått med seg endå ein vesttele på laget, Jostein Vinjerui frå Rauland har slutta seg til trenarteamet.
– Det blir spanande, seier Mathisen.
Framgang er viktigaste motivasjonskjelde
– Sesongen 2014 var ekstremt god. Det var første sesongen min som senior, og den gjekk over all forventning. Ein 25. plass i eit noregscuprenn var beste plassering. I sesongen som var blei det ikkje like store framsteg, eg trena veldig mykje på sommaren og hausten før, men eg ramla og skada meg på ein løpetur. Som følgje av dette var eg ikkje heilt i toppform då sesongen starta, forklarar Mathisen.
Trass i ein ikkje heilt optimal sesongstart, gjekk talentet frå Kostveit seg i form utover, og fekk med seg gode plasseringar på vårparten.
– Det fyrste ordentleg gode rennet eg gjekk var Helterennet på Rauland, der eg gjekk inn til 2. plass. Deretter kom eg på 37. plass på 10 kilometer klassisk under senior-NM i Harstad, før eg avslutta med ein 4. plass i Haukelirennet. Der slo eg òg landslagsløparane Chris Jespersen og Sjur Røthe i den siste nedoverbakken, og fekk med meg utforprisen, noko som var artig. Så sett under eitt var det ein sesong der eg tok steg i rett retning, fortel Mathisen.
Han seier det er nettopp framstega som er hovudmotivasjonen for å halde på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er kjensla av å heile tida bli betre som gjer det her artig å drive med. At eg merkar forskjell frå sesong til sesong, seier vinbyggjen.
I sommar er han altså heime i Vinje for å byggje seg opp til den komande sesongen, i tillegg til litt arbeid.
– Eg skal jobbe litt på sporten i Åmot, i tillegg til å hjelpe pappa med å arbeide på taket i to dagar. Men det blir mest trening altså, forsikrar han.
– Om me har same samtalen om nøyaktig eitt år, der du skal oppsummere sesongen, kva håpar du at du kan svare då?
– Då håpar eg aller helst eg kan svare at det har gått mykje betre enn forventa, men eg skal sei meg veldig godt nøgd om eg kan svare at den har gåttsom forventa òg. Eg håpar òg eg kan sei at eg har hatt framgang i sprint, det har eg lyst til, avsluttar Mathisen.