dette er bildetekst
dette er bildetekst

Skal bli lettare å finne fram

Naudetatane er blant dei som vil finne lettare fram når 2.000 hytter og 700 hus i Nissedal kommune får vegadresser neste år.

Kartverket har eit mål om at alle norske kommunar skal ha vegadresser innan 2015.

Nissedal er ein av få kommunar som ikkje har ei slik løysing. Men i år har eit utval jobba med forslag til adresser og skilting som skal gjere at alle på ein lett og forståeleg måte kan identifisere og finne fram til ulike bygningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ragnhild Haugstøyl, Hege Felle, Tor Valle, Torgeir Nordal og sekretær Sveinung Seljås frå kommunen har etter fire møte kome med ei adressetilråding som no er ute på høyring fram til 1. september.

– Eg synest utvalet har kome med mange gode forslag. Det er dei gamle namna ein har prøva å bruke, og ikkje slike som til dømes Panorama. Lova seier ein skal bruke norsk rettskriving. Utvalet har vore veldig tru i stavemåten på namn, til dømes er det ikkje bruka to a-ar men å, seier Seljås.

Nissedalsvegen

Det som debatten i utvalet handla mest om var bruk av anten områdeadresser eller vegparselladresser. Ved sistnemnte løysing kan ein kalle heile Rv41 gjennom kommunen eit namn som Telemarksvegen. Alle som soknar til Rv41 vil få namnet Telemarksvegen og eit vegnummer.

Ved områdeparsellering vil ein kunne kalle riksvegen frå Aust-Agder grense og eit stykke nordover for Haugsjåsundvegen.

Fleirtalet i utvalet ynskjer områdeparsellering frå kommunegrensa i sør og til Skjeggestadåna i Treungen. Forslaga på områdenamn er: Haugsjåsund, Høgfoss, Tjønnefoss, Myrane, Tveitsund og Landvik. Vidare blir det namn som Smeitkollen inn til bustadfeltet der, og Sollivegen på andre sida av Rv41.

Frå Skjeggestadåna er forslaget at det skal heite Nissedalsvegen nordover til kommunegrensa.

– Eit alternativ er Telemarksvegen, men det blir litt rart å bruke det namnet bare frå Skjeggestadåna og ikkje heilt frå Haugsjåsund, seier Seljås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvart hyttefelt har eit namn, og så blir det ulikt nummer på kvar hytte.

Tek imot innspel

Nokre innspel på høyringa har det kome, og Seljås tek gjerne imot fleire.

– Det er mest interessant å få tilbakemeldingar no, og ikkje at det kjem klager etterpå. Tilrådinga ligg på heimesida til kommunen, seier Seljås.

Rundt Heimdal er forslaget å kalle det Heimdalsvegen.

– Me har fått innspel om at Sønderland-folk ikkje vil ha det namnet, seier Seljås.

Kommunestyret skal avgjere saka om vegadresser. Før den tid skal den regionale stadnamntenesta uttale seg om forslaga.

Offisielt register

Artikkelen held fram under annonsen.

Når vedtaket er fatta, treng ikkje folk sende adresseendring der det blir nytt namn. Saka skal gå automatisk.

– Fordelen med vegadressene er at alt blir meir eller mindre lagt inn på GPS. Alle adresser skal inn i offisielt register over fast eigedom, og der hentar til dømes Posten opplysningar. Vidare vil vegadressene gjere det mykje lettare for naudetatane å finne fram, seier Seljås.

Alle som har hus eller hytte skal få melding om vedteke adresse. Eigar må sjølv koste og setje opp nummerskilt, medan kommunen vil skilte med vegnamn og områdenamn der det er nødvendig.

– Me kjem ikkje i land med all skiltinga før til våren, seier Seljås.