Skal få tannlege igjen i kommunen
Utpå nyåret har Fyresdal igjen tannhelseteneste, då i oppussa og ombygd lokale som skal ha topp moderne utstyr.
Mangeårig tannlege i Fyresdal blei pensjonist i oktober, og har dei tre siste åra jobba i om lag 50 prosent stilling i bygda. Det er nå inga teneste i tannlegelokalet på helsesenteret rett ved barnehagen og Gimle skule, men om ikkje alt for lenge blir situasjonen snudd.
– Me har hatt ein veldig god dialog med fylkeskommunen og fylkestannlegen for å få ny tannlege. Det blir snart lyst ut ei stilling som offentleg tannlege i Fyresdal, og personen bør vere i gang her i fyrste kvartal 2018, seier ein nøgd rådmann Ketil O. Kiland.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Trur du det kjem søkjarar til stillinga?
– Eg er ganske sikker på at me skal få ein tannlege på plass, svarar rådmannen.
Han ser fleire fordelar med å ha tannhelseteneste i kommunen.
– At dei unge kan gå rett frå skulen og bort til tannlegekontoret like ved er ei gåvepakke for familiane. Foreldre slepp å køyre barna til andre klinikkar og å ta elevane ut av skulen for å ta turen.
Når tannhelsetenesta er oppe og går att i bygda, skjer det etter at kommunen har pussa opp heile lokalet der tilbodet har vore i årevis. Vidare blir alt av utstyr nytt, inkludert at det blir røntgentaking i pasientstolen, som blir topp moderne.
– Kommunen tek kostnaden med oppussinga, og vil ta ei særdeles gunstig husleige, seier Kiland.
Tannhelsetenesta som snart er tilbake skal fyrst og fremst vere for dei som har rett på eit slikt tilbod; barn, unge og eldre. Det er desse som det offentlege har ansvaret for. Vidare blir tilbodet ope éin dag i veka for andre folk, og då vil tenesta totalt utgjere om lag 50 prosent stilling. Men stillinga kan bli heil, om alle i Fyresdal går til tannlegen i eigen kommune.
– Nå er det litt opp til folk som brukar tannlegar utanfor kommunen; bruk heller tenesta som kjem her. Det vil auke tilbodet, seier rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.