Laurdag blir det både moteshow med kufter og verdsrekordforsøk i å samle flest mogleg av dei flotte strikkeplagga på Vårmarknaden.
Laurdag blir det både moteshow med kufter og verdsrekordforsøk i å samle flest mogleg av dei flotte strikkeplagga på Vårmarknaden.

Skal setje verdsrekord på vårmarknaden

Sjå på gamle bilglis, ta del i eit verdsrekordforsøk i å samle kufter, la barna få andletsmåling og eller prøve seg på spikking, er noko av det som skjer på Dyrskuplassen fredag og laurdag.

Dyrsku’n arrangement AS og Vest-Telemark motorhistoriske klubb opnar fredag portane for den årvisse vårmarknaden i Seljord.

– I år vil det vere verdsrekordforsøk og ei ny stor satsing på gjenbruk og retro innan klede og tekstilar samt veteranbilar, besøk av Eek auksjonsforretning, konkurransar og mange aktivitetar for barn, melder prosjektleiar for vårmarknaden, Lone H. Kultan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at den flottaste veteranbilen som rullar inn på marknaden kan hente heim ein pokal etter at publikum har kåra sin favoritt.

– Og alle dei beste bilane, i kvar årsklasse, vil også bli premiert. For dei yngste gjestene vil det bli konkurransar og ulike aktivitetar som spikking, ballongklovn, trampolinar og trå-traktorbane, legg ho til.

Kva kan dette vere?

Det er venta om lag 200 utstillarar til marknaden, og ein av årets nye utstillarar er eit auksjonsfirma frå Skien.

Har du ein gamal gjenstand du lurar på kva er, eller kor mykje den kan vere verdt, kan kanskje representantane frå Eek auksjonsforretning hjelpe deg. Arrangørane oppmodar gjestene til å kome innom med ting for at ein profesjonell auksjonarius tar ein kikk på gjenstanden på fredag eller laurdag.

Nytt av gamalt

Nytt av året er også satsinga på gjenbruk og retro av klede og tekstilar. Inne i hall B vil det bli fullt av aktivitetar og strikkekafé.

– Dyktige handverkarar ynskjer alle som søkjer inspirasjon innan handarbeid, mote og gjenbruk velkomne. Kva med å designe di eiga lue, få råd til korleis ein skal reparere eit plagg eller kanskje rekonstruere gamle klede, seier Kultan.

Liv Sandvik Jacobsen, kjent for sine kuftebøker, kjem på vårmarknaden og har med seg dei fleste av kuftene sine. Laurdag inviterer ho til moteshow der elevar frå Kvitsund gymnas skal vise fram kufter kombinert med klede frå Fretex i Skien.

Rekordforsøk

Og har du også ei kufte, vil gjerne arrangørane at du kjem innom marknaden på laurdag for å ta del i eit rekordforsøk når vårmarknaden skal telje og fotografere alle dei kuftekledde som blir samla.