Skaper aktivitet i heimbygda
Oppvekstsenteret i Byrte blei sundag gjort om til jolemarknad.
Jolemarknaden i Byrte blei tatt godt imot då dørene på oppvekstsenteret blei opna i desember i fjor. Meir enn 300 var innom. Derfor var det naturleg å gjenta suksessen.
Mange har spurd om det blir jolemarknad i år også. Så lenge interessa er som no, er det inspirerande å halde på, seier Tarjei Haugo, som saman med Anne Bjørgunn Nordjore står i bresjen for arrangementet i heimbygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stor dugnadsinnsats
I tillegg til jolemarknad blir det arrangert haustmarknad i bygda med vel 100 innbyggjarar.
Det er triveleg å få til noko i bygda. Det er bra for ein liten stad at det skjer noko. Me er ein gjeng som jobbar saman. Dugnadsinnsatsen er stor, seier Nordjore, medan Tone Bjørg Noraberg og Anne Marit Romtveit serverer gjestene graut frå kjøkenet.
Det strøymer på med besøkande på oppvekstsenteret. Blant produsentane er det ein miks mellom lokale og dei som kjem meir langvegs frå. Bodil Nordjore har etablert verksemda Byrtelam, og hadde sleppfest på marknaden. Det var populært blant dei besøkande.
Aldri har fokuset vore større på lokalmat. Byrte er den største sauebygda i Vest-Telemark med fleire tusen dyr på heibeite. Eg ville skape noko av ei fenomenal råvare, og setje bygda på kartet, seier Nordjore.
Saftig kjøt
Ho hadde med seg mellom anna pinnekjøt til oppvekstsenteret. Lett røkt og lite salt, men saftig. Nordjore har arbeida lenge med smaken.
Det er moro å ha sleppfesten her. Me har ikkje produsert i mengder i år, men vil bruke tid og vente på tilbakemeldingane, seier Nordjore.
Ho er rask med å skryte av støtte frå både Innovasjon Noreg og Tokke kommune i samband etableringa av verksemda Byrtelam. Ho meiner eit mangfald av produsentar er viktig.
Marit Nordhov frå Hoppestad-tunet hadde tatt turen frå Skien til Byrte med jolekake og steinomnsbrød.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er tydelegvis her det skjer, seier Nordhov med eit smil og ser ut over køane inne i oppvekstsenteret.
Ho har vore elev hos Bodil Nordjore på tradisjonsmatstudiet på Rauland.