Ragnhild Prestholt jobbar til dagleg med filmeffektar og sminke. Her ser ein veslesyster Margit Prestholt (t.v.) sminka opp som «eyeless woman» i zombiefilmen «Dark floors».
Ragnhild Prestholt jobbar til dagleg med filmeffektar og sminke. Her ser ein veslesyster Margit Prestholt (t.v.) sminka opp som «eyeless woman» i zombiefilmen «Dark floors».

Skaper skumle vesen

Og nokon trivelege.

27-årige Ragnhild Prestholt frå Seljord var akkurat heime ein tur i det ho kallar ei «turbopåske». Til dagleg er ho å finne i Watford nordvest for London der ho jobbar med spesialeffektar til film, som masker og sår til skodespelarane, eller modellar av mytiske vesen. Nett no er ho ein del av teamet som jobbar med dei to siste filmane om Harry Potter. Ho har og vore med på film nummer seks, «Harry Potter og halvblodsprinsen» som kjem på kino til sommaren.

– Filmeffektskaparen har alltid vore interessert i kunst. I familien er det mange som arbeider innanfor kunstområdet, mest kjend er bestefar hennar, Terje Grøstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ikkje planlagt å byrje med filmeffektar. Eg ville gjerne utdanne meg i retning av kunstfaga, men det er vanskeleg å koma inn. Så blei eg merksam på filmretta utdanning på Niss (Nordisk institutt for scene og studio), og søkte og kom inn. Eg fann fort ut at dette var noko eg kunne jobbe med og som var verkeleg moro. Det er jo kunst, men på ein litt anna måte, seier Ragnhild.

Fekk draumejobb

Å arbeide med makeup og spesialeffektar innanfor film er spanande, men det er òg ei utfordring å få jobb. Det ser det ut som om Ragnhild har klara godt. Sidan ho gjekk ut av skulen i 2004 har ho jobba med fleire filmar og prosjekt, som til dømes «Død snø» i Noreg, zombiefilmen «Dark floors» i Finland og med å lage effektar til serien «Dr.Who» i England. Sidan 2006 har ho jobba på ein av dei største filmproduksjonane i verda.

– Eg er kjempeheldig som får jobbe med Harry Potter-filmane. Eg måtte mase på Nick Dudman, som er ansvarleg for makeupavdelinga på filmane. Eg satsa eigentleg berre på ein traineejobb, men fekk fast jobb. Det hadde eg litt vanskeleg for å tru på heilt i byrjinga, og heldt det difor litt hemmeleg. Så fekk eg brev om oppstartsdato for arbeidet, og då var eg sikker. Det var heilt fantastisk. Eg nyter dette så lenge det varer, seier Ragnhild med eit smil.

Sjølv om Ragnhild jobbar innanfor ein av dei største filmproduksjonane, er ikkje kvardagen glamorøs.

– Det er nok mindre glamorøst enn mange trur. Me jobbar i ein verkstad, sagar til og lagar modellar. Alle delar av jobben er heller ikkje heilt ufarlege, fordi ein blandar kjemikaliar og kan få helsefarlege avgassar, forklarar ho.

Likar ikkje krigsfilmar

Eit paradoks er kanskje at ein som jobbar med spesialeffektar som sår og blod ikkje likar krigsfilmar. Det forklarar Ragnhild med at ho veit kva som ligg til botn for effektane i desse filmane.

– Ein må drive research før ein til dømes skal lage zombiar til ein film, eller vise nokon som er halshogne. Då må eg vita korleis det ser ut i den verkelege verda. Eg må kikke i rettsmedisinske og krimtekniske bøker og sjå avlidne menneske i forskjellige situasjonar. Det er rett og slett fælt. Difor synest eg det er vanskeleg å sjå på til dømes krigsfilmar, fordi eg veit dei er basert på verkelege ting. Men når eg er i gang med den skapande prosessen, så tenkjer eg ikkje på det. Det blir gjerne litt mørk humor inn i det som er skremmande, fortel Ragnhild.

Saknar heimen

Det kan sjølvsagt vera tøft å vera heimanfrå så lenge, og ho innrømmer at ho er svært heimkjær.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva saknar du når du er i England?

– Det er så mykje. Eg saknar sjølvsagt familie og venner. Eg saknar og naturen og ikkje minst maten, med reint godt vatn frå springen, grovbrød, ordentleg heimelaga syltetøy, brunost og bærsesongen med tyttebær og blåbær. Norsk kultur og språk og alt. Eg er ei ordentleg heimkjær jente frå landet, smiler Ragnhild.

Vil spesialisere seg

Det er mogeleg å jobbe i dette yrket på heiltid, men det er mange som konkurrerar om jobbane, særleg i England. Seljordsjenta vil jobbe med film og effektar framover, men ser for seg å spesialisere seg innanfor modellering.

– Eg likar veldig godt å jobbe med modellering. Særleg creatures, eller fantasivesen. Ein jobb i Madame Tussauds (det berømte vokskabinettet i London) hadde vore moro å prøva. Nett no er det greitt å jobbe med dette sidan eg er singel og utan barn, men det blir nok ei utfordring å jobbe slik som no om ein har familie. Arbeidsforholda i England er svært forskjellig frå Noreg. Arbeidstida er frå åtte om morgonen til sju på kvelden. Her har ein ikkje tre månadars oppseiingsfrist, men ein kan risikere å miste jobben på ei veke. Ein må ha spisse olbogar og krokodillehud for å arbeide i denne bransjen, konstaterar ei blid jente med pågangsmot.