Skaut seg oppover resultatlistene
Fleire av skiskyttarane frå Vest-Telemark var i aksjon i noregscuprennet på Lygna i helga. Fyresdølane Even Nordbø og Per Hansen Austjord imponerte med god skyting laurdag.
Strålande vêr og 8–10 minusgrader gav skiskyttarane dei aller beste forholda på laurdagens normaldistanse på Lygna. Noregscuprennet var for junior- og seniorløparar, og åtte løparar frå Vest-Telemark stilte til start i helga. Sundag var det sprint.
Per Hansen Austjord, Fyresdal skiskyttarlag (FSSL)/Sirdal ski, hadde stor fart i sporet og med 18 skot i blinken gjekk han inn til ein sterk femteplass i klasse M18.
Artikkelen held fram under annonsen.
I seniorklassa skaut Even Nordbø, FSSL/Team Skiguard Buskerud, feilfritt for fyrste gong i noregscupen som senior. Det gav fyresdølen ein glimrande 10. plass i det sterke feltet.
Vind på sundag
Sundag var forholda vanskelege med mykje vind. Det påverka deltakarane, og Austjord og Nordbø blei til slutt nummer 40 og 36.
Elles gjekk Marius Aksvik Wienenga (M18), IL Dyre Vaa/Team TeVe, inn til høvesvis plass nummer 59 og 58. Hege Kittelsen (K20-21) frå same klubb blei nummer 14 laurdag og nummer 9 sundag.
Halvor Eidissen (M20-21), IL Dyre Vaa/Trondheim Biathlon Team, vart nummer 34 og 37, medan Åsne Margrethe Kleiv, IL Dyre Vaa/Team TeVe, gjekk inn til plass nummer 66 laurdag og 62 sundag.
I K17 enda Mia S. Midtbø, FSSL/Team TeVe, som nummer 27 laurdag og 33 sundag. Klubbveninne Vilde Aamlid blei nummer 30 og 17 i same klasse.