Skigymnasiastane klare for sesongen
Fire vesttelar på Hovden skigymnas er klare for sesongopning til helga.
Ny II:Marianne Hermansen, IL Rein.
Denne sesongen går det fire vesttelar på Hovden skigymnas. Marianne Hermansen, IL Rein, og Halvor Vadder, Høydalsmo IL, er fyrsteårselevar på den vidaregåande skulen. Frå før er Høydalsmo-duoen Torgeir Lid Byggland og Stian Yndesdal Ofte elevar på Hovden. Dei går andre året.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sigrid Lid Byggland er ferdig som elev, men har vore med på samlingar og satsar vidare.
– Sesongen nærmar seg med stormskritt. Til helga er det sesongopning på Hovden. Alle elevane på skigymnaset stiller til start. Helga etter er det mønstringsrenn for juniorar på Lygna. Dette er uttak til junior-VM seinare i vinter, seier Øystein Slettemeås ved Hovden skigymnas.
– Barmarkssesongen har gått veldig bra. Det har vore minimalt med skadar eller sjukdom. Som alltid har me vore fokuserte på å auke kapasiteten. Likevel har me gjort nokre endringar i sommar og haust. Mengdetrening og ekstra fokus på løping har gjeve stor framgang på alle i heile haust. Motbakkeløp er ein suveren måte å byggje kapasitet på, seier Slettemeås.
Han rosar dei fire vesttelane som alle har hatt ein solid treningshaust.
– Dei har vore på seks treningssamlingar. Tre av samlingane har vore med det nye seniorlaget Team Hovden /Sirdal og ei samling med NTG Geilo. Me gler oss til vinteren og satsar på at vesttelane fortset å vise seg fram blant noregseliten, seier han.