Skognæringa råka av finanskrisa
2009 blei eit år der tømmeromsettinga gjekk ned med 31,5 prosent i AT Skog. Finanskrisa gav skognæringa tømmermenn.
For femte året på rad er fyresdølen Olav A. Veum styremedlem i AT Skog. Han representerte foreininga med 54 lag og 8.100 medlemer på årsmøtet i Nissedal skogeigarlag førre veke.
2009 blei eit år der skognæringa blei mykje prega av finanskrisa. Det blei fall i papirmarknaden. Fleire prisnedgangar på tømmer fram mot sommaren i fjor førde til kollaps i leveringa. Det vart omsett bare 673.834 kubikkmeter tømmer gjennom AT Skog, ein nedgang på 31,5 prosent frå året før. Foreininga måtte gjennomføre permitteringar for fyrste gong på mange år for å tilpasse nedgangen og kostnadene, nemnde Veum som døme på årsmøtet om kva som kunne gje folk i skognæringa tømmermenn i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Telemark blei det omsett 326.018 kubikkmeter tømmer, resten kom frå Agder-fylka.
Tiltak
AT Skog fekk også merke auka konkurranse frå andre aktørar i fjor. Det gjorde at foreininga tapa nokre titals tusen kubikkmeter i omsetning i Telemark.
Konkurranse er bra og det skjerpar oss. Elles er samvirke meir enn ein tømmerpris, minna Veum dei 20 medlemene på årsmøtet om.
For å møte konkurransen sette styret i AT Skog inn tiltak i fjor. Ved levering av minst 1.500 kubikkmeter tømmer auka prisen med 15 kroner per kubikk. Frå nyttår er ordninga at fleire naboar kan gå saman for å oppnå kvantumet som hevar prisen. Minsteleveranse for ein nabo er sett til 300 kubikkmeter.
Mange skogeigarar bør klare å levere 300 kubikkmeter, oppmoda Veum medlemene i foreininga.
Samanheng
Veum orienterte også om AT Skog sitt strategiske industriengasjement for å sikre pris og avsetting.
Strategisk og langsiktig er det viktig at skogeigarane er med ute i verdikjeden, sa styrerepresentanten, og tenkte mellom anna på medeigarskapet i Norske Skog.
Norske Skog, verdas nest største produsent av avispapir, er eit særdeles viktig selskap for norsk skogbruk. Kursen på aksjane har gått ned frå 20 kroner til 8,50 på to år. Verdiane i Norske Skog er i dag langt høgare enn aksjekursen tilseier, meinte Veum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han hadde lite til overs for oppslag om at foreininga hadde tapt 300 millionar kroner siste to åra. Veum påpeika at ein må sjå beløp i samanheng dei siste 4 åra. AT Skog selde seg ned i Norske Skog, noko som gav foreininga 345 millionar kroner. Eit strategisk tilbakekjøp av aksjar i 2007 kosta 150 millionar kroner. I perioden fekk foreininga elles eit aksjeutbyte på 47 millionar kroner.
Minus 7,2 millionar
Ein dårleg periode for Norske Skog gjorde at AT Skog skreiv ned 183 millionar kroner i aksjar i 2008 og 26 millionar kroner i fjor.
I heile perioden me då snakkar om har AT Skog hatt ein gevinst på 33 millionar kroner. Dessutan har me auka eigarposisjonen med ein million aksjar, fortalde Veum årsmøtet.
Med 31,5 prosent svikt i tømmervolumet i 2009, kom det lågaste salsvolumet i AT Skog si historie. Driftsresultatet etter skatt i foreininga blei på minus 7,2 millionar kroner. Med nesten 500 millionar kroner i eigendelar slo Veum fast at eigenkapitalen er veldig solid i AT Skog.
Elles konstaterte Veum med glede at heile 1.326 skogeigarar tok Levande Skog-kurs i fjor. Vidare sa han det er godt å sjå at skognæringa no er inne i ei tid med auka tømmerpris og meir hogst, men der det er ventetid på å få driftsapparat. Veum nemnde også at skogen i klimasamanheng har fått større gjennomslag, noko som skapar framtidstru.
Det blei eit roleg årsmøte i Nissedal skogeigarlag, og Veum fekk ros for ei god og forståeleg orientering om saker i næringa som opptek skogeigarane.
Veum er den beste me har hatt her på årsmøtet frå AT Skog, blei det sagt frå medlemshald i Nissedal skogeigarlag.