– Me ynskjer at fleire som er interesserte i å vere støttekontaktar tek kontakt med oss på Nav-kontoret på Dalen, seier sosial- og flyktningkonsulent Viviana Burgos.
– Me ynskjer at fleire som er interesserte i å vere støttekontaktar tek kontakt med oss på Nav-kontoret på Dalen, seier sosial- og flyktningkonsulent Viviana Burgos.

Skrikande trong for støttekontaktar

Nav-kontoret i Tokke ynskjer at fleire melder interesse for å vere støttekontaktar.

Trongen for støttekontaktar varierer, men hjå Nav i Tokke ynskjer dei å ha ein base der interesserte kan registrere seg. På den måten kan Nav hjelpe fleire som treng hjelp til både fysiske og sosiale aktivitetar.

– Å vere støttekontakt inneber at ein skal hjelpe andre menneske med å meistre ulike situasjonar. Både funksjonshemma, psykisk utviklingshemma, barn og unge med spesielle behov og vaksne og eldre er grupper som har treng hjelp. Særleg har me fokus på barn og unge, seier sosial- og flyktningkonsulent Viviana Burgos.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire menn

Slik stoda er i Tokke no, er det flest kvinner som er registrerte som støttekontaktar. Det ynskjer Burgos å endre.

– Me ynskjer oss fleire menn som støttekontaktar. Brukarane er av båe kjønn, og me ser også at sosial angst er eit aukande problem spesielt blant ungdom, forklarer Burgos.

Det er derfor viktig at dei får hjelp til å kome seg ut blant folk, for å bli meir sosialt og fysisk aktive.

Breitt nettverk

Ho er oppteken av at brukarane skal ha eit breitt nettverk rundt seg, og at det bør bestå av andre enn berre nær familie.

– Det er klart at dei som har familie i nærleiken støttar seg til dei, men me meiner netteverket bør vere breiare enn berre dei næraste. Vidare er det slik at fleire eldre ikkje har familie nær seg, og då er trongen i alle fall til stades, fortel Burgos.

Fleksibel arbeidstid

Vanlegvis skriv støttekontaktar under ei tilsetjingsavtale som varer eitt år. Avtala blir evaluert fortløpande, og hjå Nav på Dalen er dei klare på at arbeidstida skal vere fleksibel.

– Normalt er arbeidsmengda to til fire timar i veka, men det er fullt mogleg å justere dette. For vår del arbeider me med ei timeramme innanfor ein månad, så om berre timetalet er oppfylt i løpet av ein månad, så kan altså timetalet varierast etter som det passar for brukar og støttekontakt, opplyser Burgos.

Nokre krav

For å bli støttekontakt er det enkelte krav som må oppfyllast. Mellom anna må ein ha fylt 18 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me set ikkje krav til noko spesiell utdanning, men for å bli støttekontakt må ein vere påliteleg og sjølvsagt blir ein pålagt teieplikt. Å vere støttekontakt er ein viktig og meiningsfylt jobb. Både dei som treng hjelp til å sosialisere seg, og dei som treng hjelp til daglege gjeremål vil ha umåteleg stor glede av ein støttekontakt, meiner Burgos.

Ho ynskjer at dei som er interesserte i å vite meir om det å vere støttekontakt tek turen innom Nav på Dalen.

– Me tilbyr opplæring og rettleiing. Det er sjølvsagt lønna arbeid, og me betaler i tillegg køyregodtgjersle og dekker eventuelle utgifter, avsluttar sosial- og flyktningkonsulenten ved Nav-kontoret på Dalen.