Kommunestyret vedtok sist haust å setje av åtte millionar kroner inklusiv moms til å byggje ut småskulen i Treungen. Politikarane har vedteke at kontrollutvalet skal sjå på heile den administrative handsaminga av byggjeprosjektet, som har fått auka ramma med 1 667 000 kroner.
Kommunestyret vedtok sist haust å setje av åtte millionar kroner inklusiv moms til å byggje ut småskulen i Treungen. Politikarane har vedteke at kontrollutvalet skal sjå på heile den administrative handsaminga av byggjeprosjektet, som har fått auka ramma med 1 667 000 kroner.

Skulebehandling til kontrollutvalet

Nissedal Sp har fått heile kommunestyret med på at kontrollutvalet må sjå på all administrativ handsaming av saka om utbygging av småskulen i Treungen.

Då Nissedal formannskap to månader etter anbodsopning på småskuletilbygget i Treungen blei kjent med ein kommunal budsjettsprekk på godt over millionen, blei det fart i medlem Ian Parry-Jones (Sp). Han meinte politikarane burde ha fått vite om sprekken lenge før. Vidare hadde han oppdaga at kommunen i anbodspapira hadde skrive ein totalkostnad på åtte millionar kroner pluss moms til byggjeprosjektet, medan kommunestyret hadde vedteke at summen skulle vere med moms.

Det neste han påpeika var at prosjekteringssummen ikkje var med i totalkostnaden, og heller ikkje inventar. Noko anna Parry-Jones reagerte på var at kommunen brukte heile tre månader etter kommunestyrevedtaket på å leggje ut anbodet. Hadde dette blitt gjort lang tidlegare, meiner politikaren at det kunne ha gjort at fleire la inn anbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anbodet som blei valt, blei noko over millionen dyrare enn rekna med.

Protokolltilførsel

I kommunestyremøtet sist torsdag gjentok Parry-Jones mykje av kritikken. Etterpå ynskte han dette protokollført: «Det er inngått avtale med leverandør av skuletilbygg utan at det er økonomisk dekning i vedtaksform. Dette avgrensar det politiske handlingsromet».

– Me har inga reell moglegheit nå til å gå tilbake til opphavleg ramme, sa Sp-politikaren.

– Eg tilrår å legge inn protokolltilførselen, sa ordførar Halvor Homme (Ap).

Parry-Jones kom vidare med eit forslag som skulle vise seg å bli samrøystes vedteke av dei 17 folkevalde: «Kommunestyret bed kontrollutvalet sjå på administrasjonens arbeidsprosessar, særleg korleis anbodet samsvarar med politisk vedtak, og elles all handsaming knytt til denne saka».

Heng ikkje på greip

Jørgen O. Nes (Frp) opna sitt innlegg med å seie at ein brukte alt for lang tid på å bli einige om denne småskuleutbygginga det var behov for.

– Eg trur me kan ta litt sjølvkritikk alle saman, sa han.

Så stussa han på at det gjekk 460 000 kroner til konsulenthjelp av ein totalsum som skulle vere åtte millionar kroner til byggjeprosjektet på bare 240 kvadratmeter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då er det noko som ikkje heng på greip. Heilt ubegripeleg, sa Nes.

– Det rotet me står i nå er berre uheldig og trist. At me politikarar sit her og ikkje har kontroll på dette er for dårleg, sa Anne-Nora Oma Dahle (Sp) om saksutviklinga og byggeprosjektet som må ha meir pengar.

Tore Skåli (H) meinte gladsaka om skulebygging hadde fått uheldig vinkling.

– Det me må satse på nå er å lære av dette; kutte på konsulenthjelp og bruke enkle løysingar – det er ikkje så dyrt å byggje som dette. Det blir feil å hengje heile bjølla på administrasjonen, politikarane må også ta sin del, sa Skåli.

Grovaste feilen

Ordføraren var samd i at politikarane må ta noko av skulda i saka. Så oppmoda han rådmannen til å gjere eit større stykke arbeid enn det som blei gjort i skulebyggsaka, før den politiske prosjekterings- og byggjenemnda skal svare rådmannen på kva retning han skal gå vidare i prosessen.

Rådmann Sverre Sæter tok ordet:

– Frå mi side er det ikkje behov for prestisje og å forklare seg rein i denne saka.

Rådmannen såg i ettertid at då anboda blei opna og ein såg kostnadssprekken, skulle han ha kalla inn til møte med nemnda. Det neste hadde truleg blitt innstilling til kommunestyret om auka ramme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der ligg den grovaste feilen frå mi side, sa rådmannen.

Kommuneadministrasjonen beklaga elles at det i utlysing av anbodet stod skrive at prosjektsummen sett av var åtte skrive millionar kroner utan moms. Som nemnt skulle det ha stått med moms.

Magne Haugsjå (KrF) sa at ved inngåing av byggjekontrakten kunne ein ha skrive at ein føresetnad var ei godkjenning frå kommunestyret fyrst.

Parry-Jones avslutta med fylgjande ord etter at kommunestyret eigentleg bare hadde å godta ekstrakostnaden som er på 1 667 000 millionar kroner inkludert solavskjerming (100 000) og inventar (450 000).

– Eg er overbevist om at når bygget er ferdig, så blir dette bra for elevane og lærarane. Det får vere vår trøyst når rekningane kjem.