Skuledag i kunstens teikn
Elevane ved Gimle skule i Fyresdal hadde ein annleis skuledag tysdag. Då fekk dei vere kunstnarar og samstundes blei det avduka kunstinstallasjonar både inne og ute. Installasjonane var resultata av ein utsmykkingskonkurranse i samband med nye Gimle skule.
Denne installasjonen heiter «Gullungar». Namnet er med bakgrunn i at det er de som er framtida vår. Installasjonen er også eit smykke som kan vere relatert til gamle handverkstradisjonar som sylvsmedyrket. Det er 2000 bitar som speglar ljoset ulikt frå dag til dag. No får de ta godt vare på «Gullungane», sa kunstnar Inge Pedersen, som har vore mannen bak den nye veggen i kantina på Gimle skule, då han overleverte kunstverket i keramikk glasert i platina til elevar og lærarar.
Gult er kunnskap
Bente Sanden Knudsen frå Nissedal stod for ideen bak skulpturen med namnet «Nær. Uendeleg», som blei avduka utandørs.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg ville gje dykk ljoset, og då blei etter kvart solblomen, som er å finne i Fyresdals natur, eit viktig element for meg. Gulfargen betyr mellom anna kunnskap, og hugs at i draumen kan alt bli til eit bilete. Og tru meg, tanken bak skulpturen, som IKM Maskinering i Fyresdal har laga, har vore god, sa Sanden Knudsen.
Båe kunstnarane var strålande fornøgde med at skulen og kommunen hadde gjeve elevane høve til å bruke ein heil skuledag i kunstens teikn.
Dette blir ein annleis skuledag, og det er flott at de får vie timane til kunsten, smilte Sanden Knudsen.
Spennande kunst
Me har ikkje peiling på korleis skulpturen ser ut, sa åtteåringane Mathilde Slyngstad Austjord og Hedda Roer like før avdukinga.
Ingun Momrak Haugan (Bygdelista) har vore ein av medlemene i utsmykkingskomiteen. Ho er politisk valt.
Det er snart to år sidan arbeidet med utsmykkinga tok til. I samband med ombygginga og nybygget på skulen, blei det vedteke at det skulle kjøpast inn kunst. Dermed lyste me ut ein konkurranse, og til slutt blei altså kunstnarane Inge Pedersen og Bente Sanden Knudsen valt. Me fann ideane deira veldig spennande, sa Momrak Haugan.
Ho er godt fornøgd med resultata.
Me fekk berre grovskissene og tankane til kunstnarane i byrjinga. Slik sett har me vore med og påverka sluttresultata, som eg føler har blitt veldig bra. Om ikkje alle skjønar kunstverka heilt, så er det med på setje i gang tankeverksemda, og då er mykje oppnådd, smilte Momrak Haugan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt rar
Det var litt rart, og ser ut som hjul, slo åtteåringane Slyngstad Austjord og Roer fast då presenningen blei fjerna og uteskulpturen såg dagsljoset.
Etter avdukingane var det tid for workshops for elevane i småsteget, mellomsteget og storsteget. Oppgåvene var forskjellige, og elevane fekk rettleiing av kunstnarar og lærarar.
Teikningar, akvarellar, figurar i leire og metalltråd blei levandegjort av elevane.
Det er litt vrient å få metalltråden til å bli heilt rett, men det er meininga at me skal lage planetar, forklarte Tarjei Bondal, Sigrid Lund Austjore og Karina Homme.
Og så er det godt å ha ein skuledag der me gjer noko heilt anna, la dei til.
Kva tenkjer de om skulpturane som blei avduka inne og ute?
«Gullungane» var kjempefin og passa godt i kantina. Samstundes gav installasjonen meir liv i lokalet. Det er ikkje like sjukehusaktig no. Skulpturen ute treng me nok litt meir tid med for å venje oss til, svara dei.