Skuledebatt, maktskifte og flyktningar
Kviteseid har fått ny ordførar. Vrådølane mistar mellomtrinnet på skulen. Flyktningar bur mellombels i Morgedal og Vrådal. Det er blant det me hugsar best frå Kviteseid i året som no går mot slutten.
«Gjekk konkurs – i drift att» var tittelen på 1. sida i VTB 8. januar. Etter ein tøff økonomisk haust gjekk styret i Morgedal hotell på nyåret til skifteretten og melde bedrifta konkurs. Same dag var ny eigar og drivar på plass, og sikra at drifta heldt fram. Ein månad seinare blei det kjent at hotellet blei ein del av kjeda Pure Hotels og dei tilsette uttala at dei såg positivt på hotellframtida under den nye eigaren Ola Moe. «Ei ny hotellsoge tek til», var tittelen i VTB 5. februar.
Soga blei noko annleis enn det dei såg for seg på hotellet sist vinter. Flyktningkrisa har gjeve ringverknader i heile Europa – og også til Vest-Telemark. I september gjorde hotellet ein avtale med UDI om å huse flyktningar fram til ein får tildelt plass i akuttmottak. Ein månad seinare inviterte kommunen innbyggjarane til eit svært etterlengta informasjonsmøte. Hotelleigaren varsla i november at han ville setje opp brakkerigg på parkeringsplassen for å kunne ta imot endå fleire flyktningar. Desse planane blei det ikkje noko av.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avtala med UDI har seinare blitt forlenga og akuttmottaket gjev kjærkomne kroner til hotellet. I slutten av november uttala hotellsjef Hild Jorkjen at avtala gjev den tradisjonsrike overnattingsstaden økonomisk rom for å pusse opp. Ho stadfesta også at «Nye Morgedal hotell» vil opne for ordinære gjester til jonsok 2016.
Også i Vrådal har dei i løpet av hausten fått nye innbyggjarar. Vrådal ferieleilegheiter er naudinnkvarteringsstad for flyktningar. For å helse dei velkomne tok idrettslagseldsjel Terje Nekstad initiativet til fotballkamp mellom dei lokale og flyktningane. Det var populært.
Heit skuledebatt
I Vrådal har dei ikkje berre konsentrera seg om å integrere flyktningane i bygda. Dei har også måtta kjempe for Straumsnes skule. Rådmannen føreslo å flytte mellomtrinnet til Kviteseid skule, i tillegg til å leggje ned skulen i Brunkeberg. Slikt blir det debatt av. Og han blir heitt. Skuffa og forbanna vrådølar måtte innsjå at det ikkje nytta. 4.–7. klassingane skal neste skuleår gå i Kviteseid. Vrådølane følte seg lura av valprogramma.
– Eit skrekkdøme på demokrati i praksis, tordna Morten Brenne (Sp) etter vedtaket.
Innsparinga er rekna til 375 000 kroner det fyrste året.
I Brunkeberg kunne dei puste letta ut.
Vått etter valet
Tarjei Gjelstad (Ap) klubba gjennom budsjettet i desembermøtet, tre månadar etter at han blei utropa til valvinnaren i kommunen. Morgedølen erstatta Torstein Tveito (Sp) som gav seg etter 12 år som ordførar. Med seg får han ein annan Tarjei (Draugedal, KrF) som varaordførar dei neste fire åra.
Då Gjelstad var ferdig med å feire valet byrja vatnet å ause ned. Men maktskiftet i Kviteseid skal ikkje få skulda for dei store nedbørmengdene. Gjennom valnatta og morgonen etter kom vatnet i strie straumar. Det ramma mellom anna Vest-Telemark blad i Prestegardshamni. Med hjelp frå brannvesenet blei dei tilsette og sentralt produksjonsutstyr evakuert frå ei våt bladstove. På Vest-Telemark næringshag i Kviteseid helsa dei avisfolket velkomne med ein gong. Det gjorde at lesarane fekk avisa i postkassa som vanleg. VTB er framleis i mellombels lokale i næringshagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ulven tok sauene
– Det er trasig å drive med sau når eg opplever slikt som dette, uttala vrådølen Trygve Straumsnes til VTB i november.
Han sleppte 450 sauer og lam i området mellom Vrådal og Hauggrend. I slutten av november mangla 62 av dei. Statens naturoppsyn konkluderte at gaupe eller ulv hadde tatt lam.
– Eg trur det er ulven som har tatt sauene. Eg trur han meir eller mindre har vore der eit par år, sa sauebonden til lokalavisa.
Frå pris og jubileum til kyrkjenytt
Diakonatet i Vest-Telemark var 30 år i 2015. I april blei diakoniprisen delt ut for 22. gong. Denne gongen var det kviteseidingen Kjell Lindheim som mottok heideren. Han har mellom anna i meir enn 40 år vore drivkrafta i barnekoret Unge Røyster i Kviteseid.
I mars feira dei at det i 2015 var 90 år sidan hornmusikken fekk sine fyrste musikantar. Dei fyrste instrumenta kom siglande inn med rutebåten i 1925.
– Me har ei bra stamme med vaksne og ungar, og eit godt sosialt miljø for aldersgruppene. Korps er moro. Det er hobbyen ein kan ha frå ein er liten til godt vaksen, uttala leiar Wenche Sørkås.
Skjærtorsdagsmessa i Brunkeberg kyrkje fekk i år ein ekstra spiss. Nattverdsoblata frå Diakonissehuset i Oslo var bytta ut med flatbrød frå Morgedal.
– Det er spennande å knyte kyrkja mot det lokale. Det handlar om å heilaggjera det alminnelege. Folk skal kjenne seg att når dei kjem til kyrkja. Jesus brukte òg lokalt brød bakt på steinomn, sa sokneprest Torstein Eidem Nordal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anna kyrkjenytt: I januar fekk barna sitt eige kapell i Kviteseid kyrkje.
– Det er ikkje maken i heile Telemark – eg trur knapt i Agder bispedøme – at barn har sitt eige sidekapell, stråla soknepresten.
Gratiscamping og overnatting ute
Det vekte reaksjonar i Kviteseid at kommunen i sommar let campingturistar overnatte ved vatnet i sentrum, i staden for å vise dei til campingplassen. Debatten rasa på sosiale media, men ordføraren forsvara seg.
– Forbodsskilt vil vise vekk turistane, argumenterte Torstein Tveito (Sp) om gratisparkeringa.
Dei fire morgedalsjentene Ingebjørg Berge, Åse Margit Gjersund, Svanhild Bjaaland Barstad og Birgit Taugbøl Bang campa utandørs. Dei gjorde som nokre av ordførarane i regionen og sov ute for å markere startskotet på friluftsåret. Kviteseid har vore blant dei meir aktive friluftskommunane gjennom året.
Korleis framtidas kommunekart kjem til å sjå ut er endå for tidleg å seie, men samtalene mellom Kviteseid, Seljord og Nissedal går sin gang. Kommunane har så langt mellom anna blitt einige om at administrasjonssenteret skal ligge i Kviteseid.
Til slutt litt sport:
Ingen vesttelar kom til start i ski-VM i Falun, men Jan Rune Grave frå Vrådal fekk ros for innsatsen som assisterande renndirektør i kombinert.
– Hjartet i alt som skjer i kombinertrenna, var attesten frå sjefen hans, Lasse Ottesen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rallyføraren Trond Brekke stod på pallen i 13 av dei 18 løpa denne sesongen. Det resulterte i sølv i noregscupen.
Heilt til topps gjekk Monica Øygarden Halvorsen. 27-åringen skaut til gull i NM i nordisk trap i juni. Ho vann to år etter at ho byrja med leirdueskyting.
– Eg har aldri skote så bra før, jubla gullvinnaren etter triumfen.
I finalen slo ho alle dei tre landslagsskyttarane. Målet er å rykkje opp frå reserve til landslagsskyttar.
Torstein Wilhelmsen Sandvik (20) var blant dei 2000 deltakarane i den fyrste noregsmeisterskapen i poker som blei arrangert på Gardermoen i november. Kviteseidingen imponerte og blei til slutt nummer 85.
Fotball: Lene Lauve kunne juble for opprykk til Toppserien med Urædd-damene. Målvakta frå Kviteseid har vore mykje på benken denne sesongen, men tek mål av seg å bli fyrstevalet mellom stengene på det øvste nivået i kvinnefotball.
Samarbeidslaget Kviteseid/Høydalsmo blei nummer 8 av dei 12 laga i 7. divisjon, avdeling A.
Det var det. Slik meir eller mindre.