Skulestruktur – grendeskular kontra større skular – Tokke kommune

Som delevis pensjonistar sit me ofte å høyrer på Telemarksendinga og morgonkonkurransen mellom ulike bedrifter, det som uroar oss er at me greier å svare på så få av spørsmåla. Me føler oss litt dumme, og dette gneg litt – kan det vera alderen?

Men så – som lyn frå klar himmel kjem svaret på vår ukunne. I ein artikkel i Varden av 14. januar kjem det fram at glupe politikarar i Tokke hev hyra inn ein superspesialist frå ein nabokommune til å sjå på tilhøve mellom grendeskular og større skular.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og han har svaret alt på førehand, sitat frå utgreiinga til herr Tveit der han syner til ein studie frå 2007: «Studien syner at elevar frå grendeskular var vesentleg mindre sosialt kompetente enn elevane frå større skular. Elevane frå grendeskulane hadde også dårlegare innsats og læringsresultat enn elevane frå større skular då dei starta og avslutta ungdomsskulen», sitat slutt.

Aha – så enkelt var svaret. Me hev båe to som ungar gjenge på ein liten grendeskule. At me ikkje hadde tenkt på det før – det var no så sjølvsagt og ikkje minst logisk. Og kjenner me etter så kan det nok vera sø som sø med den sosiale kompetansen vår og.

Det var ein stor lettelse å få svaret, det er mykje lettare å liva med eit problem når ein veit årsaka. Og at ein kan finne ein slik super-spesialist i nærområdet, me trudde ein måtte langt av stad for å finne slike.

Det er utruleg så langt forskninga har kome i dag – før måtteein finne og utgreie problemet før ein fann svaret – i dag veit ein svaret før ein veit problemet. Ja verden gjeng «framivi».

Me kjem til å fortsetje med å høyre på morgonkonkurransen, og nå mykje ljosare til sinns. Me veit no kvifor me er litt uvitande. Det styrkjer og sjølvkjensla at statsministeren på skulevitjing ikkje kunne svare på kva 7 x 8 er ? (kanskje ho hev gjenge på ein liten skule ho au?).

Provet på at påstanden ikkje stemmer

Åmdalsverk skule – no ÅVOS – er det handfaste provet på at påstanden i sitatet ovanfor ikkje stemmer. Me har hatt fire gutar som har hatt sin skulegang på Åmdals verk, og me har fylgd skulen i over 40 år. Me var svært nøgd med skulegangen deira – dei treivst – og gode lærarkrefter sytte for eit høgt fagleg nivå.

Det har vore eit varemerke for skulen her at det har vore og er svært gode lærerar og skulen har høgt fagleg nivå og har hatt det i mange tiår. Tilbakemeldingar frå lærarar i ungdomsskulen er at elevane frå Åmdals verk er fullt på høgde med andre elevar når dei byrjar i ungdomsskulen.

Det er ikkje storleiken på skulen som er avgjerande for om det er ein god skule – det er kva lærarkrefter ein rår over som er avgjerande – så enkelt og så vanskeleg. Det er sjølvsagt ei grense for kor liten ein skule kan verta i høve fagleg nivå, og det finst sikkert små skular som ikkje fungerar. Men det finn ein og blant større skular, så poenget er at ein ikkje kan generalisere. På ÅVOS har det aldri vore vanskar med å skaffe gode lærarar. Integreringa til oppvekstsenter har og gått svært bra – dei tilsette samarbeider i eit godt team. Det symboliserar miljøet og kvaliteten ved oppvekstsentret at fleire av lærarane har lengre arbeidsveg enn nødvendig for å prioritere ÅVOS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foretek ein ei evaluering av problema i skulane for dei seiste 40 år og samanliknar Åmdals verk med større skular som Dalen og Høydalsmo er me sikre på at Åmdals verk ikkje kjem dårlegast ut.

Me er svært stolte av ÅVOS og den faglege jobben dei tilsette utfører, og me håpar at politikarane i Tokke og ser det som særs viktig å vidareføre eit godt oppvekstsenter som har ein god skule med høgt fagleg nivå, og med ein god og integrert barnehage.

Gunn Haldis og Tarjei Gaastjønn

"Me kjem til å fortsetje med å høyre på morgonkonkurransen, og nå mykje ljosare til sinns. Me veit no kvifor me er litt uvitande.

Foretek ein ei evaluering av problema i skulane for dei seiste 40 år og samanliknar Åmdals verk med større skular som Dalen og Høydalsmo er me sikre på at Åmdals verk ikkje kjem dårlegast ut.