Hotellet i Fyresdal er framleis utan drift, men kan snart kome til å huse mange elevar og lærarar. Olav Gisle Noraberg, leiar i gruppa for kommunale tenestebygg, trur ikkje ein treng gjere mykje på hotellet for å kunne ha skule der.
Hotellet i Fyresdal er framleis utan drift, men kan snart kome til å huse mange elevar og lærarar. Olav Gisle Noraberg, leiar i gruppa for kommunale tenestebygg, trur ikkje ein treng gjere mykje på hotellet for å kunne ha skule der.

Skuletankar kan presse fram hotelløysing

Interessentane som ynskjer å få i gang drift ved hotellet i Fyresdal, møter no eit innspel om å bruke bygget til skule. Det kan skyte fart i hotellplanane som er jobba med ei stund.

Onsdag var fire utbyggingsfirma på anbodssynfaring i samband med storutbygginga ved Gimle skule. Eit femte selskap er også interessert i å kjempe om å få kontrakten til fleire titals millionar kroner.

Lokalpolitikar Olav Gisle Noraberg (Ap) er også leiar i arbeidsgruppa for kommunale tenestebygg i Fyresdal. På torsdagens formannskapsmøte orienterte han om ei utfordring som plutseleg dukka opp på timeplanen. Det var venta at ein brakkerigg som mellom anna skulle huse mellomskulen og ungdomsskulen under byggjeprosessen komande skuleår, ville koste 1,2 millionar kroner. No viser det seg at summen blir heile 3 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt alternativ

– Om ikkje sal av hotellet er nært føreståande bør det vere eit godt alternativ å bruke hotellet til skuledrift det eine året, kasta Noraberg inn som forslag.

– Eg trur ikkje ein treng å gjere noko særleg på hotellet for å kunne ha skule der, la han til.

Mona Fillingsnes (Sp) er til dagleg lærar ved Gimle skule. Den nye opplysninga frå Noraberg gjorde at ho kom med denne kommentaren:

– Om du sit i brakker eller der nede på hotellet … Eg vil heller vere på hotell og hatt dei tri millionane til skulen.

Gunhild Slyngstad (Bygdelista) kommenterte at skuledrift på hotellet gjer at ei endeleg løysing om kva som skal skje i dei ledige lokala ved Fyresvatn, kan liggje og flyte i endå 1,5 år.

Ordførar Bjørn Nome (Sp) slo fast at om nokon no er klare til å overta hotellet, er det bra for bygda. Elles tenkte han høgt om at viss det blir hotellsal snart, kan kommunen kanskje leige ein del av lokalet til skuleundervising. Vidare konstaterte han at eventuelle nye eigarar av hotellet er litt på hæla i forhold til å utnytte sommarsesongen som kjem om få månader.

Elles trudde Nome at det nye innspelet om skule på hotellet kan vere med og sette fart i prosessen og dei som ser nærare på å starte verksemd der.

– Dei vil få eit press på seg, sa Noraberg, og varsla at ei avklaring om skule på hotell eller i brakkerigg må på plass fort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var elles ingen i formannskapet som avviste ei løysing med skuledrift på hotellet. Til veka blir det fleire møte om saka.

Positiv rektor

Rektor Torhild V. Mandt ved Gimle skule har nyleg blitt orientert om at eit alternativ kan vere å ha skuleundervising på hotellet i byggjeperioden. Ho ser at ei slik løysing er billigare enn å satse på brakkerigg. Vidare påpeikar ho at elevane, foreldra og lærarane må vise fleksibilitet for å få gjennomført utbygginga.

– Eg trur hotellet kan bli ei spennande løysing, og tenk det utearealet då. Det viktigaste for meg er at det pedagogiske blir tatt vare på, at det er eit forsvarleg undervisingsopplegg og fokus på helse, miljø og tryggleik under bygginga, seier rektoren.

Endra skulerute

Alt i inneverande skulerute er det gjort grep med tanke på byggjeprosessen som startar ved Gimle skule i juni. Skuleåret er krympa ved at det var bare tri dagars haustferie og snart ventar to vinterferiedagar. Innsparinga på ei veke skjer også komande skuleår.

Vidare skal siste skuleveka i vår ha ein bolk som heiter «Ut av skulen», det på ei tid då skulen skal tømast. Kvar elevane skal vere er enno ikkje bestemt. Elevane sluttar skuleåret 11. juni og byrjar att 25. august.

– Båe åra har me dei 190 dagane som elevane etter lova skal ha på skulen, presiserer rektor Torhild V. Mandt.

Det er elles viktig for rektoren at elevane får vere på skulekjøkkenet og i formingssalen i alle fall fram til jol. Byggjeprosessen skal etter planen starte i dagens administrasjonslokale.

Mandt fortel at det har vore mange rundar på kvar ein skal ha skuleundervisinga i byggjeperioden. Ein brakkerigg var tenkt plassert inntil gjerdet på skuleplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rektoren både trur og håpar det no blir utbygging, etter at det er jobba med ulike løysingar i seks år.

– Kommunestyret har ikkje endeleg bestemt at det skal byggast. Det blir frykteleg spennande når anboda kjem inn og kva kostnaden blir. Blir kostnaden ein heilt annan enn det ein reknar med, trur eg politikarane får eit vanskeleg val. Men det trengst å gjerast noko med skulen, avsluttar Mandt.