Etter kartlegginga gjort av Bedriftshelsen er konklusjonen at Gimle skule verkar å ha ei aktiv og fin tilsettegruppe som er genuint interessert i arbeidet og arbeidsplassen sin.
Etter kartlegginga gjort av Bedriftshelsen er konklusjonen at Gimle skule verkar å ha ei aktiv og fin tilsettegruppe som er genuint interessert i arbeidet og arbeidsplassen sin.

Skuletilsette nøgde med arbeidsmiljøet

Ei undersøking viser at det står bra til med arbeidsmiljøet ved Gimle skule i Fyresdal. Den einaste strykkarakteren går til gymsalen.

Bedriftshelsen ved bedriftsfysioterapeut Astrid Brockhus har levert ein rapport om arbeidsmiljøet for dei tilsette ved skulen i Fyresdal.

«Gimle skule verkar å ha ei aktiv og fin tilsettegruppe som er genuint interessert i arbeidet og arbeidsplassen sin», konkluderer Brockhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med kartlegginga som Bedriftshelsen hadde utført, gjorde tilsette ved skulen ei individuell vurdering av eige arbeidsmiljø ved å krysse av på eit skjema der 1 var dårlegast og 10 best innanfor ulike arbeidsmiljøfaktorar. Etter innsamling av skjema blei det rekna ut gjennomsnittsverdi, og i tillegg blei ytterpunkta tatt med.

Rosar rektor og stegleiarane

Rapporten viser at innan organisatorisk arbeidsmiljø (organisering av verksemda og tilrettelegging av arbeid) var snittskåren på 7,5, med ytterpunkta 3 og 10.

«Underteikna opplever ei positiv og framoverlent tilsettegruppe som ønsker det beste for skulen og alle som jobbar og er elevar der», skriv Brockhus.

Ho meiner eit snitt på 7,5 er svært bra, men at det også er viktig å merke seg at det er eit sprik frå 3 til 10.

«De bør fokusere på kva som gjer at det er så stort sprik, utan å vere opptatt av kven som har kryssa av kva», meiner Brockhus.

I det psykososiale arbeidsmiljøet var snittskåren 7,7, med ytterpunkta 5 og 10.

«Dei tilsette fortel om mange positive faktorar som er med på å gjere arbeidsdagen god. Det verkar å vere godt samhald blant dei tilsette, og det er kort veg til leiinga når ein har behov for å ha kontakt. Både rektor og stegleiarane får svært god tilbakemelding, oppsummerer Brockhus.

Eit stort minus

Innan ergonomisk arbeidsmiljø blei snittskåren 7,6 med ytterpunkta 4 og 10. Dei tilsette er stort sett nøgde med skulelokala, men det er eit stort minus – gymsalen fekk minus 10 på tilbakemeldingane …

Artikkelen held fram under annonsen.

Brockhus oppmodar tilsette til å få ei risikokartlegging av gymsalen, og sende den til leiinga i kommunen.

Fysisk arbeidsmiljø fekk snittskår på 6,9 med ytterpunkta 3 og 9. Ein opplever ikkje toalett- og garderobeforhold på småtrinnet som bra. Få toalett (ofte kø) og lang avstand til personalfløyen er frustrerande, er tilbakemeldingar.

Inneklimaet på mellomtrinnet og ungdomstrinnet blir oppgjeve å vere veldig bra, men same opplevinga har ein ikkje for småtrinnet.

Tryggleiksforholda fekk snittskår på 8,3 og ytterpunkta 4 og 10.

Elles i undersøkinga har dei tilsette peika på ein del saker som ein kunne ynske betring på. I tillegg konstaterer Brockhus at det kom mange gode forslag på tiltak som tilsette meiner ein bør gjere.

«Vi oppmodar til at leiing og tilsette set seg ned saman og ser på det som er kome fram, og prøvar å lage ei prioritert på kva ein kan/bør gjere betre», avsluttar bedriftsfysioterapeuten rapporten med.

Positive sider ved jobben

Me har saksa nokre av dei positive tilbakemeldingane som har kome frå skuletilsette:

* Medverknad og fridom.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Godt bemanna.

* Fornøgd med arbeidstid.

* Synleg og tilgjengeleg leiing.

* Det som treng det får tilstrekkeleg opplæring.

* Trivelege kollegaer, bra miljø mellom tilsette, lite konfliktar.

* Kantina.

* Gode til å takle det positive stresset i kvardagen.

* Gode på trivsel, tryggleik og tillit.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Godt å vite at ein har tid til å ta seg av einskildelevane som treng ekstra oppfylging.

* Nyoppussa skule med gode arbeidsplassar.

* Gode uteområde.

* Bra reinhald.

Noko dei tilsette ynskjer betre:

* Meir ressursar til framandspråklege.

* Meir tid til samarbeid og utviklingsarbeid.

* Flinkare på å omorganisere ressursane etter behov.

* Ikkje alltid samsvar mellom kompetansen og faget ein blir sett til.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ikkje alltid samsvar mellom arbeidsoppgåver og bemanning.

* Har du ein dårleg dag – ta deg saman – ver hyggeleg. Snakk til kollegaer på ein ordentleg måte. Ynskjer ei gjensidig kjensle av tillit, forståing og respekt.

* Alle må helse på kvarandre – elevar og vaksne.

* Kan vere stress ved vakter.

* Rydde opp i konfliktar med elevar – slitsamt – bli betre på felles praksis i handheving av reglar.

* Data kan vere ein tidstjuv – fungerer ikkje som venta – stress.

* Betre lagringsplass ved arbeidsplassen.

* Meir regulerbare arbeidspultar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Nokon må dele arbeidsplass.

* Ventilasjon på alle arbeidsrom og rom for fyrsteklasse.

* Fare for å få glasrutene i gymsalen i hovudet.