Olav Godtland (t.v.) og Asbjørn Gardsjord stiller alltid opp på 1. mai.
Olav Godtland (t.v.) og Asbjørn Gardsjord stiller alltid opp på 1. mai.

– Skulle ønskje fleire var med på feiringa

På Dalen kunne dei feire både arbeidarane og vårsola 1. mai.

Sundag klokka tolv måtte bilane på Dalen stoppe opp og vente litt. Då var det 1. mai-toget som tok over gata. Ein god gjeng hadde møtt opp i solsteiken for å feire arbeidaranes internasjonale demonstrasjonsdag, og bar stolt flagg og faner gjennom sentrum.

Viktig markering

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å feire 1. mai, sa Olav Godtland og Asbjørn Gardsjord. Dei var to av flaggberarane i toget.

– Dette er ein kampdag det er viktig å markere. Me må stadfeste at dette er ein opparbeidd rettigheit, sa Godtland.

– Ja, 1. mai er ein viktig internasjonal solidaritetsdag. Ved å feire denne dagen viser me at me er ein del av ein internasjonal fellesskap, sa Gardsjord. Båe dei to flaggberarane feirar kvart år, og synest det er synd at oppmøtet ikkje er større.

Det finst mange måtar å gå i tog på.
Det finst mange måtar å gå i tog på.
Anne Ingrid Hovden synest det er heilt greitt å reise til Dalen for å feire 1. mai, men minnest med glede den tida det var eiga feiring heime i Åmot.
Anne Ingrid Hovden synest det er heilt greitt å reise til Dalen for å feire 1. mai, men minnest med glede den tida det var eiga feiring heime i Åmot.
Bebuarane på helsesenteret på Dalen hadde pynta seg og blitt med ut for å sjå på toget.
Bebuarane på helsesenteret på Dalen hadde pynta seg og blitt med ut for å sjå på toget.
Det er fast tradisjon å minnast dei som omkom under Tokkeutbygginga framfor minnebautaen ved Statkraft.
Det er fast tradisjon å minnast dei som omkom under Tokkeutbygginga framfor minnebautaen ved Statkraft.

– Det er kjempebra med alle som er her, men me skulle ønskje det var fleire her. Me håpar eit godt samarbeid med Vinje vil resultere i at fleire kjem derifrå, òg, sa Gardsjord.

Minnemarkering

Toget gjekk frå kulturhuset og innom dei eldre på helsesenteret som hadde blitt med ut for å sjå og vidare bort til Statkraft. På plenen utanfor står minnebautaen for dei som omkom under Tokkeutbygginga. Der blei det tradisjon tru haldt ei lita minnestund for dei 23 arbeidarane som mista livet.

Dalen er ein av dei siste stadane i Vest-Telemark der det framleis er ei stor feiring 1. mai. Og programmet for dagen er variert.

Messe og folkefest

Artikkelen held fram under annonsen.

Før toget skulle gå hadde prostdiakon Eilev Erikstein halde ei messe på kulturhuset, der han introduserte dei over 40 frammøtte for diktarskapen til Arvid Torgeir Lie, ein kjend lyrikar frå Skafså. Han vaks sjølv opp midt i gruvedrift og kraftutbygging, og mykje av det han skreiv handla om dette.

– Det er kjempemoro at så mange ville høyre på, sa Erikstein etter messa.

Seinare på dagen gjekk markeringa over i barneleikar og folkefest, som i følgje flaggberarane ofte er meir populært.

– Det er som regel flest her då. Og det er jo sjølvsagt morosamare for dei små, sa Godtland og Gardsjord.