Nicolai Børke frå Seljord slo verkeleg frå seg i den uoffisielle noregsmeisterskapen i golf i Bærum førre veke. 13-åringen kom på 3. plass i 13/14-årsklassa.
Nicolai Børke frå Seljord slo verkeleg frå seg i den uoffisielle noregsmeisterskapen i golf i Bærum førre veke. 13-åringen kom på 3. plass i 13/14-årsklassa.

Slagkraftig golftalent i noregstoppen

13-åringen Nicolai Børke frå Seljord kom på 3. plass i den uoffisielle noregsmeisterskapen, Suzann Junior Challange, i golf. Etter å ha gått vidare frå klassa si i både klubb- og regionfinalen, imponerte tenåringen på dei to finaledagane på Haga golfbane i Bærum. Store delar av kvardagen hans handlar om golf, og Børke har lyst til å satse på å bli verkeleg god i den veksande idretten.

– Det er eg strålande fornøgd med, seier Nicolai Børke etter den sterke prestasjonen i Suzann Junior Challenge på Haga golfbane i Bærum.

13-åringen frå Seljord tevla med golftalent frå heile landet, etter å ha kvalifisert seg gjennom klubbmeisterskap og frå regionfinalen for søraust-Noreg. To deltakarar frå kvar av dei sju regionane i landet kvalifiserte seg for finalespelet i Bærum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Børke låg på fjerdeplass i den uoffisielle noregsmeisterskapen etter dei fyrste 18 hola på opningsdagen. Men med stabilt spel også den andre dagen var tredjeplassen sikra.

Golf i vinden

Med stjerner som Suzann Pettersen, Henrik Bjørnstad og den ferske europameisteren Marius Thorp er golf i vinden som aldri før i Noreg. Noko som viser seg att i talet på medlemmer. Golfforbundet er med sine 120.000 medlemmer i 200 klubbar det tredje største forbundet som er tilslutta Noregs idrettsforbund.

Men vesttelane har enno til gode å bli bitne av den store golfbasillen. Nicolai golfar, som einaste junior frå Seljord, for Nordsjø golfklubb (GK). Det blir mykje reising, utan at Nicolai ser det som noko hinder for ein framtidig karriere som golfspelar.

– Korleis ser framtida ut?

– Eg har lyst til å satse på golf. Målet er å kome inn på Noregs toppidrettsgymnas, seier Børke.

– Kva skal til for å bli ein god golfspelar?

– Konsentrasjon, talent og ikkje minst vilje til å trene, seier Nicolai.

Og nettopp viljen til å trene er i høgste grad til stades. Fire-fem dagar i veka dreg han og faren, Jan, til Nordsjø for å trene golf. Og faren må litt motviljug innsjå at sonen no er ein betre golfspelar enn han sjølv. Nicolai tassa tidleg etter faren på golfbanen. Dei siste åra har trenaren, Mathias Andreasson, betydd mykje for utviklinga til både Nicolai og dei mange andre talenta i Nordsjø GK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Orden på det mentale

Nicolai er vaksen for alderen. Han er fysisk sterk, og har faktisk slått ballen 325 meter. Rett nok i litt nedoverbakke, men han er stabil på utslag på 240 meter. No byrjar han også å få orden på det mentale. Noko han medgjev har vore ei utfordring tidlegare.

– Det kan vera vanskeleg å halde humøret oppe. Tidlegare resignerte eg om eg hadde nokon dårlege slag. No er eg flinkare til å heile tida fokusere på det neste slaget, seier han.

– Eg har framleis ein del å hente på nærspelet. Generelt blir golfspelarar ståande for mykje å slå lange slag på trening. Det er viktig å gjere som dei beste; å bruke mykje tid på putt og chip, meiner Nicolai.

Som så mange andre ivrige unge golfspelarar har også Nicolai Tiger Woods som sitt store førebilete. Mykje av kvardagen til Nicolai handlar om golf. Om han ikkje spelar sjølv, går det i golfspel på Nintendo, golf på TV eller golfdiskusjonar med familiemedlemmer.

Denne helga har Nicolai frikort til å vera med i A-tour som blir arrangert på Nordsjø. Til vanleg deltek han på det nest beste nivået i juniorklassa, B-tour, men han har ambisjonar om å vera i junioreliten neste år. Helgas turnering blir soleis ein forsmak på kva han har i vente.

For eitt år sidan hadde han 12 i handikapp. No har han 7,2, og har passert faren, som har 8,9 i handikapp. Handikapet viser kva nivå ein er på og er eit system som utliknar forskjellar mellom spelarar, og målet til Nicolai er å nærme seg 0, eller aller helst kome på plussida.

Golf-ordbok

Par: Talet som er sett opp for å nå greenen, pluss to puttar. Eks: Par 3: eitt slag inn på green og to puttar

Birdie: Eitt slag betre enn par på holet

Artikkelen held fram under annonsen.

Eagle: To slag betre enn par

Bogey: Eitt slag over par

Dobbel bogey: To slag over par

Drive: Slag frå utslagsstaden

Putt: Slag på greenen med kølla som kallast putter

Chip: Eit slag der ballen lyftast nok til å treffe greenkanten og trille på greenen

Pitch: Høgt slag, til dømes over ein busk, som gjer at ballen trillar kort i høve til strekninga

Green: Området på banen der holet og flagget er

Artikkelen held fram under annonsen.

Fairway: Kortklypt område mellom utslagsstaden og green

Rough: Tjukt og langt gras utanfor fairwayen

Handicap: System for å utlikne forskjell mellom spelarar

Hole-in-one: Ballen rett i holet frå utslagsstaden

Grønt kort: Kurs alle må ta for å få spele på ein ordentleg bane

Kjelde: Golf.no

Noregs Golfforbund

Stifta i 1948

Medlem av Noregs Idrettsforbund og Olympiske komité

3. største særforbund

Artikkelen held fram under annonsen.

Medlemmer: 118 000 (pr. 31/12-2003)

Klubbar: 200

18 hols banar: 47

9 hols banar: 68

6 hols banar: 42

Spelenivå i Noreg:

0-9,9 handikapp: 2500 spelarar

10-19,9: 10 000 spelarar

Artikkelen held fram under annonsen.

20-29,9: 16 500 spelarar

30-36: 20 000 spelarar

Grønt Kort: 55 000 spelarar