Slåss vidare for eige lensmannskontor
Ordførar Olav Urbø (Sp) stadfestar at Tokke kommune vil slåss for lensmannskontor på Dalen også i framtida. Etter å ha lese rapporten om framtidig organisering av polititenesta i Vest-Telemark, er Urbø framleis kritisk til heile prosessen, som han kallar eit tingingsverk med sterke føringar.
Tokke-ordføraren finn ingen grunn til å kritisere prosjektgruppa lensmann Bjørn Håvard Olsen i Tokke har leia. Dei overleverte rapporten sin til politimeister Anne Rygh Pedersen denne veka. Gruppa konkluderer med at ei samanslåing av lensmannskontora i Kviteseid, Tokke og Vinje samla sett vil gje ei betre polititeneste enn dagens organisering. Dei stiller det ope kvar eit samanslått lensmannskontor skal vere lokalisert.
Sjølv om eg er usamd i ein del ting prosjektgruppa legg fram i rapporten, vil eg gje ros for korleis dei har løyst oppgåve ut frå det stramme mandatet dei hadde fått av politimeisteren. Gruppa har hatt ei vrien oppgåve, vedgår Olav Urbø.
Artikkelen held fram under annonsen.
I rapporten vert ei samanslåing av lensmannskontor mellom anna grunngjeve med at det vil gje eit større fagmiljø for politifolka og lette rekrutteringa. Dette seier Urbø er kjente argument.
Det eg er mest kritisk til ved at lensmannskontoret vert borte, er at det vert ei stor utfordring å halde trykket oppe på det førebyggjande arbeidet når politiet ikkje har lokal tilknyting. Når det vert skrive at denne ulempa må verte kompensert, er eg sterkt usamd i ei slik løysing. Eg meiner ein må ta utgangspunkt i denne problemstillinga i det vidare arbeidet, seier Tokke-ordføraren.
Tryggleikskjensle
Han peiker på at utanom førebyggjande arbeid er kvardagskriminalitet dei viktigaste politioppgåvene, og der innbyggjarane kjenner tryggleik ved å ha lensmannskontor i kommunen. Denne tryggleiken trur Urbø kan verte borte om polititenesta vert sentralisert i Vest-Telemark. Eg registrerer at dette er noko mange i politiet undervurderer og bagatelliserer. Over tid er ordføraren overtydd om at dei fleste politifolka vil busetje seg i nærleiken av lensmannskontoret.
Talmaterialet i rapporten vedrørande kostnadane ved ei samlokalisering, meiner Urbø vil verte monaleg dyrare enn kva gruppa har rekna ut.
Alle røynsle fortel at fusjonskostnadane alltid endar høgare enn ein trudde på førehand, seier han.
Tek imot invitasjonen
Er du nøgd med at politiet no inviterer til ein brei dialog med mellom anna kommunal deltaking før det vert konkludert?
I alle høve har ikkje politiet offisielt konkludert om organiseringa av polititenesta i Vest-Telemark. Me får tru dei når dei hevdar at lokaliseringa er heilt ope. Tokke kommune vil sjølvsagt delta aktivt i den vidare prosessen politiet inviterer til. Eg har også lyst til å peike på at dersom det endar opp med at gruppas innstilling vert sett ut i livet med at lensmannskontora i Kviteseid, Tokke og Vinje samlokaliserast, så kan det aldri verte lokalisering i Åmot. Då er det Høydalsmo som peiker seg ut som den mest sentrale staden i distriktet, meiner Olav Urbø.
Tokke-ordføraren nemner elles at han legg merke til at politimeisteren ser for seg også ei samanslåing av politiet i Vest-Telemark og Midt-Telemark til ei driftseining.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vil i så fall føye seg inn i eit mønster der alt til slutt endar i Bø, meiner Olav Urbø.