Ånund Lid Byggland imponerte i prologen, men blei slått ut i kvartfinalen i junior-VM.
Ånund Lid Byggland imponerte i prologen, men blei slått ut i kvartfinalen i junior-VM.

Slått ut i kvartfinalen

Hinterzarten: Ånund Lid Byggland gjekk fort og blei klokka inn til fjerde beste tid i prologen under gårsdagens sprint i junior-VM. Men i kvartfinalen måtte Høydalsmo-guten seie takk for seg.

Høydalsmo-guten lukkast ikkje like godt i kvartfinalen som i prologen. Han hadde tredje beste tid i sitt heat, men var ikkje blant triarane som gjekk vidare på tid. Lid Byggland blei halden lenge på pinebenken etter kvartfinalen. Det tok nemleg lang tid før det var klart kven som gjekk vidare til semifinalen. Dei tyske arrangørane fekk tekniske problem i tåka og snøvêret. Dermed var det usikkert om det var fleire nordmenn som ville slå fylgje med Tomas Northug (Mosvik) og Pål Golberg (Gol) til semifinalen.

Ånund som før sprinten var peikt ut som eit av dei største medaljehåpa, fekk etter kvart beskjed om at han ikkje hadde gått fort nok til å gå vidare til semifinalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skuffelsen var naturlegvis tung å svelgje for Lid Byggland. Han hadde lite lyst til å prate etter løpet og stakk til skogs i snøvêret. Det siste året har sisteårsjunioren hatt VM-sprinten i tankane. Den flotte innsatsen i senior-NM var ein indikasjon på at forma var god. I Hinterzarten i går var konkurransen knallhard. Fleire løparar som har gjort det bra i verdscupen stilte til start.

Federico Petegrino er eit namn langrennsinteresserte skal merke seg. Italienaren hadde beste prologtid, og er ein løpar som kan kome til å bite godt frå seg i åra som kjem. Han var den einaste som hamla opp med lillebror Northug i prologen. Ånund hadde også bare to utlendingar føre seg på resultatlista.

Tomas Northug vann sprintfinalen og blei juniorverdsmeister. Pål Golberg blei nummer to og sikra dobbelt norsk i Tyskland.