Det er lurt å vere førebudd på dårleg vêr om ein skal over fjellet i vinterferien. God tur og køyr fint.
Det er lurt å vere førebudd på dårleg vêr om ein skal over fjellet i vinterferien. God tur og køyr fint.

Slik køyrer du kolonne

Mange har vinterferie neste veke og om ein skal køyre bil over fjellet, er det viktig å vere budd på vanskeleg køyreforhold.

Ifølge Tryg forsikring er det lurt å kjenne reglane for korleis ein køyrer i kolonne før ein legg i veg, då vêret endrar seg raskt i fjellet og ein kan kome ut for dårleg vêr.

– Vêret på fjellet kan gå frå sol til snødrev på få minutt. Blir det kolonnekøyring må ein vere førebudd på ventetid før ein kjem med, og det kan i verste fall ta fleire timar. Det er grenser for kor mange som får vere med, då det ikkje skal vere fleire personar i ein kolonne enn redningsmannskap har kapasitet til å redde ut, seier Espen Opedal, direktør i Tryg forsikring, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg er det viktig å ha godt med mat og varme klede i bilen, ha nok drivstoff og sørgje for at bilen er godt skodd for vinterføre. Brøytemannskapet kan avvise trafikantar som dei trur kan få problem. Når ein køyrer kolonne er det viktig å sørgje for å sjå og bli sett, og følgje tempoet som brøytebilen har.

– Når det er snøfokk og minusgrader er det særleg viktig å ha kaldluft mot frontruta. Med varmluft kan snø bli til is som i neste omgang kan kladde til både frontruta og vindusviskarane. Å køyre kolonne i uvêr på fjellet vinterstid er slett ikkje ufarleg. Skulle det bli stopp i kolonnen må du ikkje gå ut av bilen. Det har hendt at  folk har blitt påkøyrt i kolonnekøyring, held Opedal fram.

Det vil alltid vere ein brøyte- eller leiebil fyrst og sist i kolonnen, og dei to er i kontakt med kvarandre. Om ein skulle køyre seg fast, er det viktig å bli i bilen, for brøytemannskapet veit at du er der.