Slo tilbake mot serieleiaren
Med hjelp av enorm arbeidsinnsats og ein 23 år gamal debutant frå Larvik, sendte Seljord serieleiar Hei heim med sesongens fyrste tap.
Etter to strake tap mot Vinje og Herkules 2 var det nok ikkje så mange som hadde tru på tri poeng mot Hei på Eventyrøy torsdag. Heistad-laget kom til Seljord stinne av sjølvtillit etter fem sigrar og ein uavgjort (mot Vinje, red.merk) på dei seks fyrste kampane. Men i Seljord blei dei statistar frå fyrste spark på ballen. Debutant Kent Rikard Krossøy blei den store helten for heimelaget. Før ti minuttar var spelt hadde midtbanespelaren skåra to mål. Fyrst ekspederte han eit innlegg i mål med pannebrasken, før han enkelt gjorde 2-0 etter eit strålande forarbeid av Tore Haugsvold.
Det er gøy å lukkast så godt i fyrste kampen, smiler Krossøy etter debuten.
Artikkelen held fram under annonsen.
23-åringen frå Larvik studerer på høgskulen i Bø, og har ikkje spelt fotball aktivt på eit halvt år. Han har erfaring frå 5. divisjon i Vestfold, men meiner nivået er høgare i Telemark. Han reiser no heim til Larvik, men reknar med å få med to av dei fire siste kampane for sitt nye lag før sommarferien.
Trong kraft på midten
Trenar Terje Nekstad er glad for å ha fått ein ny kvalitetsspelar i stallen. Sjølv om Krossøy har spelt mest spiss i karrieren, valte Nekstad å bruke han på midtbanen torsdag.
Med mange små teknikarar på midtbanen trong me Kent der, forklarar Nekstad.
Seljord var nærmare 3-0 enn gjestene var redusering på Eventyrøy. Ronde Schade heada utanfor frå god posisjon etter corner, medan Jan Rune Grave sendte ballen over målet åleine med keeper. I andre omgang var innbytar Bård Øyane nær ved å auke leiinga etter ein god soloprestasjon, men skotet blei redda av keeper. Dermed ebba det ut med 2-0 og tri kjærkomne poeng for Seljord som no er nummer fire i 5. divisjon med 13 poeng på dei sju fyrste kampane.
Fantastisk laginnsats, oppsummerar trenar Nekstad.
Rosar veteran
Han innrømmer at han ikkje heilt trudde på tri poeng før kampen mot det ambisiøse Hei-laget, men etter kampen tek han store ord i bruk om sitt eige lag.
Når me klarer å stille med vårt sterkaste lag, skal dei fleste laga i divisjonen slite med og slå oss.
Han rosar heile laget for innsatsen torsdag, men nyttar høve til å ta fram superlativa om veteranmidtstoppar Ronde Schade.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er utruleg viktig å ha med Ronde med rutinen og overblikket sitt. Han gjer dei andre spelarane trygge, meiner trenaren.