– Slutt å kalle Høydalsmo ei grend
Det er på tide å setje Høydalsmo meir på kartet. Det meinte høysekkane som møtte fram på folkemøtet torsdag.
Kommuneplanen for Tokke dei komande tolv åra gjerast klart for høyring i desse dagar. Torsdag var det kalla inn til folkemøte om samfunnsdelen av han i Høydalsmo, og oppmøtet var så godt at det måtte hentast fleire stolar.
Rådmann Brit Houge gjekk gjennom planen for korleis dei vil jobbe med busetnad, folketal, næringsutvikling, tryggleik og trivsel i grove trekk, før det blei opna for innspel og idear frå dei frammøtte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Viktig med eit godt sentrum
– Visjonen til Tokke i åra som kjem vil vera «Kunnskap, kraft og kultur», sa Houge, og la til at dei sterke kulturtradisjonane i kommunen er noko som skapar stoltheit for heile Vest-Telemark. Høysekkane meinte at det var vel og bra, men at planen ikkje var visjonær nok. Og særleg ikkje for Høydalsmo og dei andre bygdene i Tokke.
– Alle kommunar med mange bygder har bruk for eit godt sentrum, sa rådmann og sikta til Dalen.
– Eg meiner det er viktig at me set Høydalsmo meir på kartet. Her går E134 gjennom. Me treng fleire ledige tomter og hus, sa Birger Nygård.
Resten av forsamlinga var einige i at det må satsast meir på både bustadutvikling og barnehageplassar i Høydalsmo, noko rådmann meinte var heilt rett.
Idrettsbygda Høydalsmo
Fleire peika også på at det må gå an å gjere noko ut av den gode idrettsinteressa i bygda. Nokon ville ha overnattingsmoglegheiter og større idrettsarrangement.
– Me burde satse meir på idrettslaget vårt, sa Olav Aalandslid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er eg einig i. No slenger eg berre ut ein idé her: Kva med å marknadsføre oss som skibygda Høydalsmo? Eller idrettsbygda Høydalsmo? sa ordførar Jarand Felland. Det lika høysekkane godt. Dei håpa også at det kunne gjerast noko med sentrum i Høydalsmo, som etter kvart har blitt ganske daudt. Mellom anna ville dei rive det gamle Coop-bygget, noko ordføraren sa var opp til eigaren.
Høydalsmo og Lårdal er ikkje grender
I planen dei fekk sjå gjennom på storskjerm stod det «Tokke kommune skal jobbe for å auke samhaldet mellom grender og sentrum». Dette var dei ikkje like fornøgde med i Høydalsmo.
– Å skrive Dalen og grendene rundt er defensivt. Verken Lårdal eller Høydalsmo er grender. Men det kan jo hende dei blir det viss me held fram med å kalle dei det heilt til 2028, sa Aalandslid.