Småbrukarlaget er skuffa over bondelaget
Bondelaget signerte jordbruksavtala med regjeringa etter at småbrukarlaget braut forhandlingane laurdag. Ingen av dei to bondeorganisasjonane er fornøgde med avtala.
Storebror bondelaget signerte i helga jordbruksavtala med regjeringa på vegne av sine 60 000 medlemmar. Norsk bonde- og småbrukarlag med 7000 medlemmar braut forhandlingane laurdag, og uttrykkjer at dei er skuffa over bondelaget.
– Me gjekk saman inn i forhandlingane med utgangspunkt i å snu utviklinga som har vore dei to siste åra. Småbrukarlaget braut forhandlingane då me såg at ein ikkje fekk til ei auka satsing på små og mellomstore bruk, og me hadde håpa at bondelaget ville gjera det same, seier Kari Tellefsen frå Vinje, leiar i Telemark bonde- og småbrukarlag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hadde de forventa noko anna enn dette med Høgre/Frp-regjering?
– Me hadde forventa noko anna av bondelaget. Når dei går med på avtala vil Stortinget seie ja og amen. Så lenge det ligg føre ei underskriven avtale går ikkje Stortinget inn og tek ansvar for landsbrukspolitikken. Me hadde håpa me kunne utfordre dei på å reversere utviklinga frå dei to siste oppgjera, svarar Tellefsen.
Også leiaren i Vest-Telemark bonde- og småbrukarlag, Gunnar Haugo, er skuffa.
– Ut frå den informasjonen eg har fått no – at avtala til dømes ikkje styrkjer sauehaldet eller den mjølkeproduksjonen me har her med små mjølkeprodusentar – er det ei dårleg avtale for Vest-Telemark, seier han.
Han stussar over at fokuset på trygg og rein norsk mat ikkje viser seg tydelegare i avtala.
– Det er rart det ikkje er fokus på at bonden skal ha betaling for å produsere maten, meiner Haugo.
Bondelaget: – Ingenting å rope hurra for
Aslak Snarteland frå Fyresdal er leiar i Telemark bondelag. Han ynskjer ikkje å vera i konflikt med småbrukarlaget, og presiserer at heller ikkje han og bondelaget er nøgd med retninga landbrukspolitikken har teke dei siste åra.
– Eg er tilfreds med å ha fått til ei forhandlingsløysing, men er på ingen måte fornøgd med dette resultatet, seier Snarteland, som beklagar at han har blitt feilsitert i media på at han er nøgd med årets oppgjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Avtala er ingenting å rope hurra for. Men det var dit me kom med ei slik regjering som dette. Det er ikkje snakk om å legitimere nokon form for Høgre/Frp-regjering, seier Snarteland.
– Hadde de godteke ei avtale som denne frå ei regjering med andre fargar?
– Det blir eit hypotetisk spørsmål eg ikkje kan svare på. Me hadde ikkje fått eit så dårleg tilbod frå ei anna regjering, heller, svarar Snarteland, og legg til:
– Høgre og Frp har gått til val på at dei skal kutte med høvesvis 1,5 milliardar og 5,5 milliardar i landbruket. No i år fekk me til ei påplussing på 350 millionar kroner, over halvparten av det i friske budsjettmidlar. Og så har me klart å omdisponere nokre midlar frå krattryddinga frå i fjor. Det er litt symbolsk, seier Snarteland.
Staten la på bordet ei utsetjing av kravet om å leggje om alle mjølkefjøs frå bås til lausdrift, frå 2024 til 2034. Kravet vil utløyse store investeringsbehov hos mange mjølkebønder, og fleire meiner bondelaget med utsetjinga blei pressa til å seie ja til avtalen. Verken småbrukarlaget eller Snarteland meiner lausdriftskravet eigentleg høyrde heime i forhandlingane.
– Vidarefører inntektsgapet
Snarteland ser fram mot landbruksmeldinga som skal koma før nyttår, og er klar for å stå på saman med småbrukarlaget for å leggje til rette for så gode vilkår som råd for norsk landbruk.
– Det å kunne produsere mat på eigne ressursar er utruleg viktig. Heile Noreg må takast i bruk. I avtalen har me gjort nokre grep for å styrke dei små og mellomstore bruka, meiner Snarteland, og understrekar at svært mykje står att.
Småbrukarlaget er usamde i at små og mellomstore bruk kjem betre ut av avtalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Denne avtalen vidarefører den urimeleg store forskjellen i inntekt pr. årsverk mellom ulike bruksstorleikar. Inntektsforskjellane held fram med å vekse fordi ingen av føresetnadene frå 2014 er endra, seier leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag, Ann Merete Furuberg.
I går kveld hadde Telemark bonde- og småbrukarlag møte der jordbruksavtala stod på agendaen.
Jordbruksavtala
Staten og bondelaget blei samde om ei ramme på 350 millionar kroner, med auke med 100 millionar på budsjett. Det skal gje eit inntektspotensial på gjennomsnittleg 10 700 kroner per årsverk.
Kravet frå næringa var på 860 millionar, auke med 577 millionar på budsjett. 20 800 per årsverk.
Tilbodet frå staten var 90 millionar i ramme, minus 70 millionar på budsjett. 4200 per årsverk.