Smaken av eit nytt år
Kring 25 ungar og like mange vaksne heidra det nye året på Torshaug bedehus onsdagskvelden.
I år får me ein heilt ny baby, meddelte ein liten gutunge.
Eg skal besøke bestevenninna mi i Bærum i år. Eg skal reise til henne om ikkje så lenge, sa ei litt større jente då ho fekk spørsmål om kva ho trudde året venta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mykje rart og mykje fint
Onsdag kveld var det nyttårsfest på Austheii. Kring 25 ungar og endå fleire vaksne møtte fram på bedehuset i grenda for å feire det nye året.
Nå har me eit heilt nytt år framføre oss. Tenk så mykje rart og så mykje fint me kan gjera i det nye året, sa Else Veum, som batt programmet saman.
Skal de gjera mykje rart i år, spurde Veum ungane.
Ja, det skal me, runga det frå småtravane.
Eit ljos for alle
I staden for å arrangere ein tradisjonell joletrefest, bestemte leiarane i Eiketoppen barneforeining at dei i staden kunne stelle i stand ein nyttårsfest der ein kunne gle seg over året som kjem.
Det er fint å feire eit nytt år. I det nye året håpar me at gode ting skal skje i kjærleik og i tru, sa Else Veum, før ungar og vaksne tende eitt ljos kvar for nokon dei er glade i.
Eg synest me skal tenne eit ljos for alle dei menneska som er her på Torshaug i kveld, men eg synest også me skal tenkje på og tenne eit ljos for alle dei som ikkje er saman med oss, sa ho.
Etter kvart fekk ungane boltre seg med blanke ark og fargestiftar, og dei blei oppfordra til å teikne ulike ynskje for året. Helga Haugen viste ljosbilde av eldre og nyare dato både av menneske og natur, og det som var att av jolebaksten blei servert. Og då Arthur Haugen frå Bandaksli kom med trekkspelet sitt, fekk han som vanleg opp stemninga saman med songglade ungar.
Torshaug bedehus 75 år
* 12. august 1928 blei Torshaug bedehus på Austheii formelt opna
Artikkelen held fram under annonsen.
* Huset var ei gåve frå Tor Klauvreid til folket på Austheii og i Bandaksli
* Totalt kom kostnadene på 18.700 kroner
* Fram til 2000 var eit legatstyre knytt til bedehuset, men ved tusenårsskiftet blei styret oppløyst og foreininga Torshaug bedehus blei etablert
* Ein gong i månaden samlast nærare 50 ungar frå Austheii, Bandaksli og bygdene kring til Eiketoppen barneforeining der dei mellom anna har verkstad og lager saker og ting
* Forutan barneforeininga blir det arrangert møte på bedehuset, og husets musikklag blir engasjert ved ulike høve
* Trond Midtbø er formann i foreininga Torshaug bedehus